Lårdal Smørlag: Forskjell mellom sideversjoner
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring |
({{nn}}) |
||
Linje 20: | Linje 20: | ||
[[Kategori:Tokke kommune]] | [[Kategori:Tokke kommune]] | ||
[[Kategori:Telemarksarkivet]] | [[Kategori:Telemarksarkivet]] | ||
{{nn}} |
Nåværende revisjon fra 25. jan. 2019 kl. 12:53
Lårdal Smørlag blei stifta i Lårdal i Tokke kommune truleg ei gong i 1930-åra. Dette var på same tid som ei rekke andre smørlag såg dagens ljos i Vest-Telemark. Dei små og til dels avsidesliggjande gardsbruka gjorde gardssmørleveranse til den naturlege leveringsforma av smør, til fordel for å sende produksjonen langt avgarde til næraste meiere.
Det er ikkje så mykje ein veit om smørlaget i Lårdal, men Knut H. Haatveit som budde på Mæland i Øvre Lårdal var formann kring 1955.[1] Lårdal Smørlaget vart nedlagt i 1960.[2]
Arkiv
Delar av arkivet etter Lårdal Smørlag er ordna ved Vest-Telemark Museum. Lenke til oppføring på arkivportalen.
Referansar
Kjelder
- Norske gardsbruk : Telemark fylke. 2, Oslo : Forlaget norske gardsbruk, 1955. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
- Samuelsen, Finn, Mjølk og organisasjon i sør : en historikk om meierier og mjølkesentraler i Agder og Telemark, Kristiansand : Meieriet sør, 1994. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
- Oppføring på arkivportalen.