Lårdal Smørlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. jul. 2018 kl. 07:31 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: '''Lårdal Smørlag''' blei stifta i Lårdal i Tokke kommune truleg ei gong i 1930-åra. Dette var på same tid som ei rekke andre smørlag såg dagens ljos i Vest-Telemark...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lårdal Smørlag blei stifta i Lårdal i Tokke kommune truleg ei gong i 1930-åra. Dette var på same tid som ei rekke andre smørlag såg dagens ljos i Vest-Telemark. Dei små og til dels avsidesliggjande gardsbruka gjorde gardssmørleveranse til den naturlege leveringsforma av smør, til fordel for å sende produksjonen langt avgarde til næraste meiere.

Det er ikkje så mykje ein veit om smørlaget i Lårdal. Det vesle arkivet som er bevart fortel oss at Knut H. Haatveit stod oppført som eigar i 1955. Han budde på Mæland i Øvre Lårdal. Lårdal Smørlaget vart nedlagt i 1960.[1]

Arkiv

Deler av arkivet etter Lårdal Smørlag er ordnet ved Vest-Telemark Museum. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Referansar

  1. Samuelsen, 1994, s. 69.

Kjelder

  • Samuelsen, Finn, Mjølk og organisasjon i sør : en historikk om meierier og mjølkesentraler i Agder og Telemark, Kristiansand : Meieriet sør, 1994. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Oppføring på arkivportalen.