Lårdal torvstrøylag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lårdal torvstrøylag blei truleg oppretta ei gong på byrjinga av 1900-talet. I rekneskapsprotokollen frå laget går det fram at eit "Torvstrøanlæg" blei starta i 1906. Anlegget var eit aksjeselskap, og i løpet av året vart det kjøpt 29 aksjer av 10 kroner. I den same protokollen ser det ut til at selskapet har endra namn til Eik torvstrøyfabrik i 1909. Anlegget låg ein eller annan stad i Lårdal i noverande Tokke kommune.

Bakgrunn

Aksjeteiknarane i Lårdal torvstrøylag (1906).
Foto: Lene Teigland Kleivi / Vest-Telemark Museum

På 1800-talet stod Landbruksselskapet i Telemark i brodden for framhjelp av landbruket i fylket. Selskapet dreiv premiering av oppdrettarar og åkerdyrkarar som viste framifrå dugleik i landbruket. Etter kvart blei det også lånt ut pengar frå Jordfondet til framhjelp for åkerdyrkinga.

Amtsagronom Hasund sendte i 1898 ei oppmoding til landbruksdirektoratet om å endre reglane for Jordfondet, slik at pengar også kunne lånast ut til å istandsette gjødselplassar og torvstrøfabrikkar. I dag blir torvstrø hovudsakleg nytta som strø i hyttedassar, men kring 1900 var torvstrøet ei viktig tilsetting i gjødselen som velta ut av fjøsa i fylket, og hjelpte dei hygieniske forholda fram.

Oppmodinga frå Hasund førte ikkje fram. Likevel vedtok amtstinget året etter at halvdelen av renteinntektene frå Det Osterhauske Legat[1] skulle nyt¬tast til torvstrøproduksjon. Midlane frå fondet utgjorde 1 100 kroner, og av desse gjekk 300 kr til «landboforeninger for å fremje tilvirking og bruk av torvstrø». 600 kr gjekk til «utbetring av gjødsel¬kjellarar og gjødselplassar».[2]

Landhusholdningsselskapet sette også i gang ei tevling med premiering til dei som hadde godt gjødselstell. I 1900 var det 18 deltakarar i konkurransen, og det vart delt ut premiar i størrelsesorden 50 til 150 kr. Dei som skaffa midlane til tevlinga var Selskapet for Norges Vel, Jørgensen-Veum frå Fyresdal og Landhusholdningsselskapet.

Frå 1907 fekk selskapet midlar frå brennevinssamlaga sine overskot, og det samla tilskotet til gjødselanlegga kom soleis opp i 1730 kr. Året etter vart 2000 kroner dela ut til 24 bruk, men amtstinget strauk løyvinga frå brennevinssamlaga allereie i 1913, slik at berre 20 søknadar vart etterkome.

Etter at det vart gitt statstilskot til gjødselanlegg bidro også fylket med midlar, dels som tillegg til statstilskotet, og dels til dei som ikkje fekk statstilskot. Det var stor interesse for bygging av gjødselanlegg langt ut i 50-åra. Tilskotet til gjødselanlegga vart snart endra til å berre kunne gi tilskot urinkummar i krigsåra, og snart fall tilskotet heilt bort.

Torvstrøanlegget i Lårdal

Kart over torvstrøproduksjonen i Buskerud og Telemark.
Foto: Ambr. Sollid, Om torvstrø og torvstrølag i de forskjellige amter samt om bruken av andre strømidler, gjødselblandinger og jordforbedringsmidler i Norge i 1908 : beretning fra amtsagronomerne: Bratsberg amt, Kristiania, 1909.

Fylkesagronom Ambr. Sollid skreiv i 1909 at Lårdal hadde lite skikka mosemyr, og ein måtte reise langt for å finne egna myrer. Torva frå Lårdal blei turka på hesjer med eit tett tak over. Etter at den var tørr blei den transportert 2-3 kilometer til «rivehuset», der torvstrøriveren blei drive av vasskraft. Kvar dette anlegget låg er det i dag ingen som veit. Torvstrøet blei oppbevart i rivehuset fram til det vart henta av gardsbrukarane. Grunna den lange transportetappa frå hesjene til rivehuset blei produksjonskostnaden høg samanlikna med produksjonen elles i regionen, og det er grunn til å tru at produksjonen ved anlegget ikkje varte spesielt lenge. "Torvstrømyren er neppe ovet 2 maal stor, men meget dyp", skriv Sollid, og seier det også fanst ein del privat torvstrøproduksjon i den gamle kommunen.[3]

Arkiv

Ein reknskapsprotokoll etter Lårdal torvstrøylag vert oppbevart ved Vest-Telemark Museum. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Eksterne lenker

  • "Opgaver over torvstrøanlæg i Norge for aarene 1904-05". Lenke til digital utgåve på Brage.

Referansar

  1. Justisråd Nicolai D. Osterhaus (1754-1822) oppretta dette legatet til «sedekornmagasinernes opprettelse» ved testamentet 2. september 1820. 200 tønner bygg fall på Bratsberg amt. Kornet vart selt, og pengane satt i Skien Sparebank der dei stod og la seg på rente.
  2. Bolstad, 1983, s. 161
  3. Sollid, 1909, s. 64.

Kjelder

  • Bolstad, Alfred (red.), Utviklinga av landbruket i Telemark i dei siste 100 år, Telemark Landbruksselskap 1877-1977, Skien, 1983.
  • Sollid, Ambr., Om torvstrø og torvstrølag i de forskjellige amter samt om bruken av andre strømidler, gjødselblandinger og jordforbedringsmidler i Norge i 1908 : beretning fra amtsagronomerne: Bratsberg amt, Kristiania, 1909. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.