Lade Møbelfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. okt. 2013 kl. 07:58 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: Lade Møbelfabrikk var ein møbelprodusent på Lade i Velledalen. Verksemda vart skipa av brørne Arne og Hjalmar Lade i 1946. Hjalmar Lade hadde då lang røynsle i møbelfaget. Han had...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Lade Møbelfabrikk var ein møbelprodusent på Lade i Velledalen. Verksemda vart skipa av brørne Arne og Hjalmar Lade i 1946. Hjalmar Lade hadde då lang røynsle i møbelfaget. Han hadde vore tilsett ved fire møbelfabrikkar før han byrja med møbelfabrikasjon i kjellaren heime på Hau-Knut garden. Draumen om å kome i gang på eiga hand byrja å ta form hausten 1943 etter at han hadde gått eit halvt år på handelsskule i Volda. Som nykomar i bransjen hadde Hjalmar ingen kontaktar i grossistmiljøet, og då det leid så langt ut i krigen, var det stor rift etter råvarene. Men Hjalmar visste råd. Han kom frå eit gardsbruk, og smør, kjøt, egg og fløyte var særs ettertrakta bytemiddel attåt dei meir tradisjonelle betalingsmidla. Slik fekk han ta i både fjører, papirstoff og alt han trong.

I krigsåra hadde Hjalmar berre sporadisk arbeidshjelp, men bror hans, Arne, kom tidleg med i verkstaddrifta. Allereie før 1945 hadde dei to brørne investert i snikkarmaskiner: retthøvel, ei sirkelsag og ein fres. Alle desse maskinene skaffa dei seg utan banklån, gjennom oppsparte midlar.

I 1946 vart firmaet Lade Møbelfabrikk offisielt registrert. Første fem åra heldt dei til i skofabrikken som ein tredje bror, Lars, dreiv i Straumgjerde. Der hadde møbelfabrikken tilhald i kjellaren med både snikkar- og tapetseraravdeling. Arbeidsstyrken var første driftsåret åtte mann, i hovudsak rekrutterte frå Straumgjerde-grenda.

Like etter krigen, som under krigen, var salet det minst problematiske ved heile drifta. Fabrikken hadde første åra berre ein agent, og han heldt til i Oslo. Gjennom denne agenten vart dei av med alle møblane dei laga. Etter ei tid fekk dei salsrepresentantar både i Bergen, Trondheim og for Nordland.

Trass i namnet var ikkje Lade Møbelfabrikk ein rein møbelprodusent. Dei laga også dører, vindaugsrammer og kjøkeninnreiingar. Stoppa møblar var likevel den viktigaste delen.

I 1950 byrja Hjalmar og Arne å sjå seg om etter nye lokale, for det vart for trongt i kjellaren på skofabrikken. I staden for å halde fram å leige tok dei det store steget og bygde eige fabrikkbygg i tilknyting til farsgarden på Lade. Vinteren 1951 kunne dei flytte over i nye produksjonslokale i ei høgd med ei grunnflate på 360 m2. Bemanninga vart då auka til 12 personar. Straumsgjerdingane som hadde arbeidd ved fabrikken, fekk ei lang og strevsam arbeidsreise. Arbeidsbussen gjekk andre vegen, frå Drotninghaug til Straumgjerde, og eigen bil var det få som hadde. Difor var det ikkje anna råd enn å ta sykkelen fatt for å kome til og frå arbeid. Etter ei tid bygde nokre av dei tilsette hus i Øvre Velledalen eller leigde seg husvære der, medan andre av dei opphavlege arbeidarane fann seg sysselsetting nærare heimstaden.

Fredag 7.november 1958 vart Lade Møbelfabrikk lagd i oske, men det var ikkje lenge dei femten arbeidstakarane gjekk ledige. På Velle og Dravlaus var det to fabrikkar som hadde redusert verksemda og kunne stille lokale til disposisjon. Medan det vart arbeidd med å føre opp ny fabrikk på Lade, var det tapetseraravdeling i Martin Welle sitt murbygg og snikkaravdeling i første høgda til Drabløs Lenestolfabrikk.

Eit betongbygg med tretak på to etasjar stod ferdig på Lade i 1959. Med dette hadde Lade Møbelfabrikk utvida romkapasiteten med 480 m2. Det vart då slutt på produksjonen av dører og vindaugsrammer. Tidlegare hadde dei levert mykje treverk til andre fabrikkar. Etter 1959 gjekk hovudtyngda av treverket til eiga tapetseraravdeling.

Fabrikken hadde ei god utvikling dei to neste tiåra. I 1961 var omsetninga 598.000 kroner. Ti år seinare var ho nær to millionar kroner, og i 1981 4,83 millionar kroner. Så byrja omsetninga å gå ned. Talet på tilsette var i 1970-åra rundt tretti. Fabrikkbygget vart utvida med 560 m2 i 1965 for å gje plass til den auka bemanninga og fleire maskiner.

Møblane frå Lade Møbelfabrikk har lege i mellomklassa. Produktutviklinga stod innehavarane for sjølve. Ein av Lade-brørne, Martin, hadde eit særleg lag med å finne dei rette formene. Elles var ein av sønene til Arne Lade, Jan Lade, knytt til verksemda som formgjevar.

Lade Møbelfabrikk var mellom dei første lokale møbelfabrikkane som satsa målmedvite mot institusjons- eller kontraktsmarknaden. Frå 1974 hadde dei ein agent i Oslo som var engasjert berre med dette. Mange sjukeheimar og eldreinstitusjonar i Oslo-området kjøpte møblar frå denne Sykkylvs-verksemda.

I 1978 vart Lade Møbelfabrikk gjord om til aksjeselskap, med Arne og Hjalmar som aksjonærar. I 1983 vart aksjekapitalen utvida med ein tredjedel etter at Asbjørnsen & Lade A/S gjekk inn i selskapet. Året etter takka Hjalmar Lade av som disponent og overlet den stillinga til Magne Lade, son til Arne. Fram til om lag 1990 gjekk mykje av produksjonen gjennom Sicon, som spesialiserte seg på sal til kontraktmarknaden.

I 1990-åra vart verksemda omorganisert og gjekk vidare under namnet Lade Møbler AS. Magna Lade var framleis disponent. Verksemda retta då mykje av merksemda inn mot innreiingar for større skip og fritidsbåtar. Etter å ga stridd med lønsemda ei tid, la eigarane ned verksemda i 2002.


Kjelde: