Lesja kornmagasin

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. nov. 2023 kl. 21:58 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori: » til «[[Kategori:»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kornmagasinet på Lesja bygdatun

Lesja kornmagasin vart bygd i 1820 rett opp for prestgarden. Om bakgrunnen, sjå Lesjaskog kornmagasin. Kring 1860 kom tanken om å realisere kornmagasinet på Lesja og i staden satse på ein sparebank. Det vart vedteke i 1861. Salet gav 2.162 speciedaler som vart grunnfond for Lesja sparebank, oppretta i 1863.

«Kornmagasinet [...] var det som gav støtet til at vi tok til med Bygdetunet» skreiv Ola Skotte i Årsskrift for Lesja historielag 1983.

Koordinater: 62.1134278° N 8.8522261° Ø