Litlsundbrua

Litlsundbrua går over Litlsundet mellom Jørnøya og Ertvågsøya i Aure kommune. Brua er ei fritt frambygg-bru på 300 meter. Ho har tre spenn, og det lengste av dei er på 160 meter. Brua vart opna 15. januar 2007.

Litlsundbrua.
Foto: Olve Utne (2008).

Saman med Imarsundbrua har Litlsundbrua gjeve fergefri veg frå Tømmervåg til Aure og derifrå vidare til Kyrksæterøra og Trondheim. Bruene erstatta fergesambandet Aukan - Vinsternes, ei femten minutter lang fergetur. Brua er ein del av fylkesveg 680.

Kjelder

Koordinater: 63.22998° N 8.25619° Ø