Lofothest

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Digitaltfortalt

Lofothest frå Rødøy
Foto: Johan Rasch (1867–1944).

Lofothesten var ein hesterase som høyrde til i Salten, Lofoten, Vesterålen og naboområda. Lofothestane med si høgd på kring 1,20–1,30 m var mindre enn lyngshestane, og dei skilte seg òg ut med det lange ragget. Dei var kjent som svært hardføre hestar. Lofothestane var enno vanlige kring midten av 1800-talet. Den visstnok siste lofothesten, som var på Yttergården under Evjo ved Saltstraumen, vart skoten i 1899. Den hesten vart utstoppa og står utstilt på Bergen Museum.