Møbler og utstyr

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. apr. 2015 kl. 09:32 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''A/S Møbler og Utstyr''' var ei møbel- og interiørforretning i Straumgjerde i Sykkylven. Firmaet hadde sals- og utstillingslokale i forretningsbygget til Lade Skofabrikk|Lars...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

A/S Møbler og Utstyr var ei møbel- og interiørforretning i Straumgjerde i Sykkylven. Firmaet hadde sals- og utstillingslokale i forretningsbygget til Lars Lade like ved riksvegen i Straumgjerde sentrum. Om lag 300 m2 var disponerte til dette.

A/S Møbler og Utstyr vart skipa i 1971 av Halvard Harstad og Lars Lade, men Harstad gjekk tidleg ut, slik at Lars Lade vart eineeigar. Etter kvart kom Sverre Øyehaugen med i drifta. Han dreiv både møbelforretninga og eigen tapetserverkstad.

I møbelbygda Sykkylven skulle ein tru at det ikkje var behov for ei møbelforretning, sidan mange arbeidstakarar ofte får kjøpe rimelege møblar på sin eigen arbeidsplass. A/S Møbler og Utstyr la difor vinn på å føre eit utval av møblar og innbu som ikkje vart laga i Sykkylven.

Midt i 1990-åra vart butikkdrifta lagt ned, og sidan har det vore ulike handels- og servicetiltak i lokala. Sverre Øyehaugen heldt fram med reparasjonsverkstaden for møblar i kjellarhøgda.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.