Møre Import & Agentur

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. apr. 2015 kl. 11:02 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Møre Import & Agentur''' var ei agenturforretning i Sykkylven, etablert av Hans Kjetil Hole i 1982. Den første tida heldt han til i bustadhuset sitt i Straumgjerde. I 1983 f...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Møre Import & Agentur var ei agenturforretning i Sykkylven, etablert av Hans Kjetil Hole i 1982. Den første tida heldt han til i bustadhuset sitt i Straumgjerde. I 1983 flytte han forretninga til nye lokale på Aursneset (tidl. Teppe- og Fargebua), og han fekk då eit salsareal på om lag 60 m2 der. Seinare flytta han attende til Straumgjerde, og etablerte seg i eit næringsbygg som han kjøpte.

Vareutvalet omfatta første tida bilrekvisita av alle slag, t.d. batteri og dekk, dessutan typiske slitedeler som eksosanlegg, klutsjdelar, støytdemparar m.m. Etter kvart vart bedrifta retta inn mot sal og service av smørjeutstyr for industrien.

Hans Kjetil Hole har drive Møre Import & Agentur åleine i alle år.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.