Margrete Eiriksdotter av Skottland

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. nov. 2023 kl. 20:23 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Margrete Eiriksdotter av Skottland (fødd 9. april 1283 i Bergen, død 1290Orknøyane) var dronning av Skottland og norsk prinsesse. Allereie frå fødselen var ho ein del av det politiske spelet om den skotske trona, då ho hadde arverett til den.

Ho var dotter av Eirik II Magnusson (1268–1299) og Margrete Alexandersdotter av Skottland (1261–1283).

Mora døydde i barselseng eller kort tid etter fødselen. Difor vart vesle Margrete arving til den skotske trona, noko som var ein del av medgifta mora hadde fått med seg. Då morfaren Alexander III av Skottland døydde i mars 1286 var ho den næraste arvingen. Skottland hadde ei ordning med kongeval, så sjølv om arveretten i praksis var gjeldande, måtte skottane godkjenne ho som dronning. Det trakk ut i tid, mellom anna fordi ein hadde von om at enka etter Alexander III var gravid.

I eit pavebrev frå april 1288 nemnast Margrete for første gang som skotsk dronning, men skottane hadde ennå ikkje godteke ho. For å sikre posisjonen hennar, sende Eirik Magnusson ein delegasjon til Edvard I av England for å få støtte frå han. Kort tid etter sende han ein petisjon til paven om dispensasjon for giftermål mellom Margrete og kronprins Edvard av England, seinare Edvard II (1284–1327). Dei måtte ha dispensasjon fordi prins Edvard var søskenbarn til Margrete Alexandersdotter.

Den 6. november 1289 inngjekk Eirik og Edvard I ein traktat i Salisbury, der Edvard godkjende Margrete som skotsk dronning. Kort tid etter kom dispensasjonen frå paven. Traktaten sa at Margrete skulle kome til Skottland innan 1. november 1290, og i mars det året godkjende skotske stormenn ekteskapsplanane. Den 18. juli 1290 vart Margrete og Edvard trulova i Birgham, ho gjennom ein representant. Edvard I ville at ho skulle kome til England, men både skottar og nordmenn var skeptiske til det. Det var liten tvil om at Edvard vart med på dette som ledd i sin plan politikk for å ta kontroll over Skottland. Som morgongåve fekk ho inntekter av engelsk jordegod, og garanti om 400 pund sterling årleg inntil ho fylte femten år. Ho var på det tidspunktet sju år gammal, medan Edvard var seks år.

Kring månadsskiftet september–oktober 1290 reiste Margrete med følgje frå Bergen mot Skottland. Mellom dei som reiste med ho var biskop Narve av Bjørgvin, baron Tore Håkonsson og Ingebjørg Erlingsdotter. Så snart dei kom til Orknøyane spredde det seg eit rykte om at Margrete var død, og eit seinare brev fortel av ho vart sjuk ombord og døydde i armane til biskop Narve like etter at dei kom i land. Liket vart brakt attende til Bergen, der faren identifiserte ho. Ho vart gravlagt i KristkyrkjaHolmen. Det er usikkert kvar ho døydde; det kan ha vore ombord i skipet, men det nemnde brevet seier at det var på land. Ein sannsynleg stad er bispegarden i Kirkwall.

Etter at ho døydde var det ein langvarig strid mellom dei tre rika. I 1292 kravde Eirik Magnusson ein stor erstatning for at ho ikkje vart teken til dronning med ein gong Alexander III døydde. Han kravde òg den skotske krona sine inntekter i tida frå Alexander døydde, og han meinte å sjølv vere arving til den skotske trona. Det siste vart avvist fordi tronarven berre gjekk i nedstigande line. Pengekrava vart ein verkebyll, som seinare fekk store konsekvensar for norsk utenrikspolitikk.

I skotsk tradisjon er Margrete kjend som «The Maid from Norway» eller berre «The Maid», og det vaks fram mange myter om ho. Særleg etter 1296, då Skottland kom under engelsk kontroll, var det mange som tenkte over korleis det kunne ha vore om ho hadde levd opp med ein engelsk arveprins som gemal. Ho er tema for ei rekkje folkeviser og episke dikt.

Den tredje største tettstaden på Orknøyane, St. Margaret's Hope, har namn etter Margrete Eiriksdotter.

I Norge er mytane kring Margrete særleg knytt til den såkalla falske Margrete. Dette var ei kvinne frå Lübeck som i 1300 kom til Bergen og hevda at ho var Margrete Eiriksdotter. Ho og mannen hennar vart avretta på Nordnes i 1301. Sjølv om myndigheitene ikkje trudde på ho, og historia ser òg klart ut til å vere eit falsum, hadde ho sterk folkeleg støtte. Folk valfarta til rettarstaden, og i 1370 reiste dei ei kyrkje til minne om ho på Nordnespynten. Margaretakyrkja er nemnt heilt til 1515, og særleg var det mange av dei tyske handelsfolka i Bergen som støtta ho økonomisk.

Litteratur og kjelder