Mariann Skotte

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. sep. 2023 kl. 06:59 av Kallrustad (samtale | bidrag) (oppdatert, attvald i 2023)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mariann Skotte (fødd 1976) er Senterparti-politikar. Ho vart i 2015 den fyrste kvinnelege ordføraren i Lesja i Gudbrandsdalen. Skotte fekk halde på ordførarstolen etter kommunevalet i 2019, då Senterpartiet fekk 48,6 % av røystene. Også i 2023 vart ho attvald.

Ho kjem frå Vinstra i Nord-Fron, men flytta til Lesjaskog på slutten av 1990-talet. Mariann Skotte er gift med Steinar, og dei har barna Simen, Morten og Andrea.

Før ho vart ordførar, arbeidde Skotte i økonomiavdelinga i Dovre kommune. Ho er òg gardkjerring på Nordpå Enstad. Skotte har dessutan vore leiar i Aksjonsgruppa for Lesjaambulansen.

Kjelder og litteratur

Sjå òg