Marsteinen (avis)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. feb. 2014 kl. 06:42 av Nils Steinar Våge (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude> {{thumb|Lokalavisa Marsteinen.jpg|Prøveutgåva av Marsteinen i mai 1978. Avishovudet er det same i 2014. Foto: Nils Steinar Våge 2013.}}'''Lokalavisa Marsteinen''' ko...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Prøveutgåva av Marsteinen i mai 1978. Avishovudet er det same i 2014. Foto: Nils Steinar Våge 2013.

Lokalavisa Marsteinen kom ut med eit presentasjonsnummer i mai 1978 før den første ordinære avisa kom 4. august same året. Avisa er lokalavis for Austevoll kommune i Hordaland. Marsteinen er ei vekeavis som kjem ut kvar torsdag, redaksjonsspråket er nynorsk og utgjevar er Austevoll forlag. Avisa er politisk uavhengig, og er tilknytta Landslaget for lokalaviser. Avisa hadde i august 2013 eit opplag på 2367, og det har halde seg svært stabilt sidan oppstarten. 739 av abonnentane bur utanfor kommunen. Avisa har namnet sitt etter kystfyret Marsteinen frå 1877 som ligg ved innseglinga til Bergen og heilt nordvest i kommunen.

Mangel på dekning av kommunalt stoff i Bergens Tidende og Sunnhordland var ei av hovudårsakene til at avisa vart oppretta. Marsteinen vart etablert i ei tid då stoffdekninga i lokalavisene vart meir lokal enn tidlegare fordi lesarane no vart viktigare enn dei politiske aktørane som fram til siste halvdel av 1900-talet hadde eigd dei fleste avisene.

I Austevoll Forlag AS sine vedtekter står det at avisa i tillegg til å vera lokalavis for Austevoll skulle vera fiskeriavis for ytre strok i Hordaland. Langt på veg har avisa tilfredsstilt dette formålet, men den omfattande fiskerinæringa i kommune har fått mest spalteplass. Dei siste tiåra har andre næringar i kommunen fått stadig meir spalteplass. Det gjeld havbruk, utstyrsindustrien til handels- og fiskeflåten, forsyningsverksemda til oljeindusitrien og næringar som knyter seg til verksemder på land og sjø. Dessutan har avisa i alle år formidla mykje lokalhistorie frå kommunen.

Redaktørane i avisa har vore:

  • Ragnar Kolstad: 1978-1979
  • Johannes Sekse 1979-1982
  • Svein Haaland 1982-1984
  • Marit Rose 1984-1994
  • Hans Inge Gloppen 1994-1996
  • Marit Rose 1996-2000
  • Vibeke Kroken 2000-2006
  • Trond Hagenes 2006-

Munnlege kjelder

  • Trond Hagenes, redaktør i Marsteinen frå 2006.
  • Bjarte Notnæs, første styreleiar i Austevoll forlag i 1978.

Kjelder og litteratur