Marsteinen (avis)
Lokalavisa Marsteinen kom ut med to presentasjonsnummer i 1978 før den første ordinære avisa kom 4. august same året. Avisa er lokalavis for Austevoll kommune i Hordaland. Marsteinen er ei vekeavis som kjem ut kvar torsdag, redaksjonsspråket er nynorsk og utgjevar er Austevoll forlag. Avisa er politisk uavhengig, og er tilknytta Landslaget for lokalaviser. Avisa hadde i august 2013 eit opplag på 2367, og det har halde seg svært stabilt sidan oppstarten. 739 av abonnentane budde i 2013 utanfor kommunen. Avisa har namnet sitt etter kystfyret Marsteinen frå 1877 som ligg ved innseglinga til Bergen og heilt nordvest i kommunen.
Mangel på dekning av kommunalt stoff i Bergens Tidende og Sunnhordland var ei av hovudårsakene til at avisa vart oppretta. Marsteinen vart etablert i ei tid då stoffdekninga i lokalavisene vart meir lokal enn tidlegare fordi lesarane no vart viktigare enn dei politiske aktørane som fram til siste halvdel av 1900-talet hadde eigd dei fleste avisene.
I Austevoll Forlag AS sine vedtekter står det at avisa i tillegg til å vera lokalavis for Austevoll skal vera fiskeriavis for ytre strok i Hordaland. Langt på veg har avisa tilfredsstilt dette formålet, men den omfattande fiskerinæringa i kommune har fått mest spalteplass. Dei siste tiåra har andre næringar i kommunen fått stadig meir spalteplass. Det gjeld havbruk, utstyrsindustrien til handels- og fiskeflåten, forsyningsverksemda til oljeindusitrien og næringar som knyter seg til verksemder på land og sjø. Dessutan har avisa i alle år formidla mykje lokalhistorie.
Redaktørar
- Ragnar Kolstad: 1978-1979
- Johannes Sekse 1979-1982
- Svein Haaland 1982-1984
- Marit Rose 1984-1994
- Hans Inge Gloppen 1994-1996
- Marit Rose 1996-2000
- Vibeke Kroken 2000-2006
- Trond Hagenes 2006-
Munnlege kjelder
- Trond Hagenes, redaktør i Marsteinen frå 2006.
- Bjarte Notnæs, første styreleiar i Austevoll forlag i 1978.
Kjelder og litteratur
- Marsteinen sitt presentasjonsnummer. Mai 1978.
- Marsteinen sin nettstad