Mathias (Mads) Scaanning 1611 - 1673

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. jan. 2018 kl. 16:38 av Narveb (samtale | bidrag) (Ny side: Mathias (Mads) Scaanning 1611 - 1673 Mathias (Mads) Scaanning var prest i Volda på Sunnmøre frå 1640 til 1673. Med så mange år i same sokn er det tydeleg at han sette pris på dett...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mathias (Mads) Scaanning 1611 - 1673

Mathias (Mads) Scaanning var prest i Volda på Sunnmøre frå 1640 til 1673. Med så mange år i same sokn er det tydeleg at han sette pris på dette prestekallet. Kallet medførde store inntekter. Scaanning hadde part i 22 gardar rundt om i soknet. Alle desse ga han innkomer. I tillegg hadde han presteløna og godt utbytte av prestegarden Halkjelsvik, som var både stor og veldriven. Ikkje rart at han «døydde som ein rik mann» (Aarviknes 1970).

Soknekyrkja i Volda var ei gammal stavkyrkje. I Scaanning si tid som prest fekk kyrkja fleire verdfulle gåver. I 1643 (truleg) ein del av ei større pasjonstavle. I 1664 fekk kyrkja både ny altertavle og ny preikestol. Begge var utførde av Christopher Eriksen Kiile. Preikestolen var kosta presten sjølv.

Vi må tru at Scaanning var avhalden som prest. Eit uttrykk for det er at kyrkja nokre nokre år etter at Scaanning var død fekk eit epitafium over presten Scaanning med familie. Epitafiet vart plassert godt synleg framme på venstre langvegg. Epitafiet var om lag 1,5 m høgt, utført i den rådande stilretninga på 1600-talet, - barokken. Innanfor denne stilretninga var utsmykkingar gjerne rik på detaljar, med overdådige ornament og fargar. Gjerne med rik treskurd. Slik var det også for epitafiet i Volda. Epitafiet skal også vere utført av Christopher Eriksen Kiile.

Den gamle stavkyrkja blei tatt ned i 1858 då soknet trong ei større kyrkje. Epitafiet vart flytta over til den nye kyrkja. Den nye kyrkja brann ned i 1929. Då gjekk epitafiet tapt.

Kjelder: Samtale med Jac Heltne (1937) Aarviknes, Per (1970): Voldasoga I. Volda Nerbøvik, Jostein (2001 s.173): Løyndom og røyndom. Volda Store norske leksikon, 4. utg: Epitafium Ørstavik, Ragnar (1982 s.6): Volda kyrkje 1932-1982. Volda