Mjølfjell

Sideversjon per 9. apr. 2012 kl. 11:00 av Kallrustad (samtale | bidrag) (justering)

Mal:Thumb høyreMjølfjell er ei grend inst i Raundalen i Voss kommune. Området har namn etter det kvite Mjølfjellet, som og markerer grensa mellom Voss og Ulvik kommune. Mjølfjell-området har særleg vorte nytta til støling, og gardar i både Voss, Ulvik og Aurland har hatt sommarbeite her. Etter at Bergensbanen opna i 1909, med eigen stasjon på Mjølfjell, har grenda vore ein populær rekreasjons- og turiststad. Spesielt bergensarar har farta mykje til Mjølfjell. På 2000-talet er det privathyttene som dominerer staden, men her er det òg eit ungdomsherberge (bygd i 1939). I Rjoandalen ligg det eit militært skytefelt. Mjølfjell kapell vart innvigd i 1967. Staden hadde på 1900-talet ein del fastbuande, knytt til jernbane, turisttrafikk og gardsdrift/støling, og difor var det skule her (1914-64). Daglegvarebutikken på Mjølfjell vart lagt ned rundt 2010.

Frå hotell til hytte

Stadheim Høifjellhotel var i drift frå om lag 1920 til 1963, då det brann ned. Kårdal pensjonat vart bygd i 1934, og hadde stor trafikk i 1960- og 1970-åra. Mjølfjell Feriekoloni (1925-ca. 1965) vart brukt som friluftsskule og feriekoloni for folkeskulane i Bergen kommune.

Alt rundt 1912 kom og dei fyrste privathyttene. I 1920-åra var det om lag 20 hytter, dei fleste i området rundt garden Allmenningen med stølen Hellene (Hedlo?). Seinare bygde institusjonar og bedrifter større hytter og hus. På slutten av 1900-talet var det eit samanhengande belte med hytter frå Mjølfjell stasjon i vest til ungdomsherberget i aust.

Kjelder og litteratur

  • Andersen, Knut S. og Christian Hysing-Dahl: Mjølfjell i fjern og nær fortid, Bergen 1996.