Mjølhaugane støl (Ustaoset)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. jun. 2012 kl. 23:16 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (Mjølhaugane)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mjølhaugane ligg omtrent halvvegs mellom Ustaoset og Prestholt. Her inneheldt berget kvit marmor og kvarts. Stølen Mjølhaugane (Melhaugen, Mjælhaugane) høyrde opphavleg til garden Geilo i Ustedalen. Ved delinga av garden i 1772, følgde Mjølhaugen nedre nordre Geilo[1]. I 1808 selde Ola Knutson Geilo garden med stølar til verbroren Lars Olson nedre Geilo[2]. Åtte år seinare kjøpte Svein Olson Rudningen (1769-1861), Holet, stølen med bu, hamn og ved [3]. Han kjøpte på denne tida fleire stølar i området kring Ustaoset, mellom anna i Prestholt.

Restar etter ei eller fleire steinbuer og steingardar ligg i dag (2012) på ein voll noko vest for Mjølhaugane. Truleg var det her stølen låg.

  1. Reinton b7, s. 312
  2. Reinton b7, s. 313
  3. Reinton b3, s. 852


Kjelder

Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. bind 3 og 7.