Mjeldalen: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 8: Linje 8:
Øverst i dalen mot aust, ligg Kolabakken (på begge sider av Osterøyvegen). Namnet skriv seg frå den tida det vart vunne ut kol her.  Knut Ivarsson Øvremjelde fortel at det under dyrkingsarbeid vart funne store mengder kolrestar, ein pilspiss, ei steinøks og ei steinhelle med innhogne renner som truleg skulle samla opp tjøre. Over Kolabakken mot aust og søraust ruver Hoklane (haugane), med utsyn heilt til havet.  I Hoklane budde “julreia” sa bestemor Marta. På sørsida av dalen ser ein først Blommaskaret, og vidare nedover kjem Veggliåsen, Tirsåsen, Sæteråsen, Hovåsen og Lyngåsen, med Kyrkjerinden og Åsheimfjellet lengst mot sørvest.  På nordsida av dalen ligg øverst Vinåshaugane og Nordalen, deretter kjem Sjonhaugen, Gafskaret, Blekktødna, Martødna med vindpilen, og Stemmesegga. Ytterst i synsranda skimtar ein fjellgarden Hausberg. Stemmesegga ligg 572 m over havet, og derfrå kan ein sjå milevis til alle kantar. Bestemor som kom frå Hausberg fortalde at her kunne ein høyra kyrkjeklokkene frå meir enn sju kyrkjesokn. I dei bratte liene rett under Stemmesegga ser ein enno grunnmurane etter fjellgarden Kaustølen.

Osterøyvegen fører frå Ambogen oppover Sandbrekka mot Vesetgjelet. Vegen her var farleg i gamle dagar, med bratte lier og stup over elva. Ved kvernhushola nederst i gjelet sprang hesten til Olai Monsen Mjelde ut i 1908, og både hest og mann havna i djupaste gjelet og omkom. Dette hende 10 mars 1908. Olai, fødd på Barbubruket, vart 37 år gamal (ættarboka Ø.Mjelde 152b og Audestad 32). Presten Nistad i Haus tok seg av den farlause tre år gamle sonen Mons, som seinare vart fabrikksjef i Larvik og ein landskjend skeiselaupar. 21. november same året hende det ei ny køyreulukke same staden. Det var dotter til Johs. Johs.son Gjerstad, Hilda Elisabet, som omkom då ho og faren skulle køyra med hesten sin til Haus Meieri (ættarboka Mele 104 b).  

=== Gamle ferdselsvegar ===
=== Gamle ferdselsvegar ===