Mjeldalen: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 27: Linje 27:

=== Øvre Mjelde ===
=== Øvre Mjelde ===
I den første U-svingen nedover Bonnalia frå Ambogen kjem ein til Træ, som i tidlegare tider var ein samlingsstad i dalen. Her feira dei 17. mai den første tida, og det vart sett opp tribunar og lauvprydd talarstol. Her finn vi Træhaugen (gml. Træshågjen), med ei freda gravrøys som vart registrert i 1934.  Bak denne haugen fins det spor etter den første ferdselsvegen som førde vidare oppover mot Kolabakken og Veset. Blautemyra med sitt rike plante- og insektsliv låg på andre sida av vegen. Den er no fylt opp med lausmassar.  Vidare nedetter på høgdedraget langs hovudvegen vart det også avdekt fleire gravrøyser, utgravne same år av Eva Nissen Meyer. Detaljert "Innberetning om undersøkelser" er signert 8. mai 1934 av Meyer. Desse gravene er tidfesta til eldre jernalder. I gravene vart det funne krossspenner, glasperler, leirkrukker, ei vevskei, ein beinkam, eit snellehjul og brente bein (Per Fett, "Førhistoriske minner i Nordhordland", Historisk Museum, Uib, 1965). Bonden som eigde området gjorde krav om erstatning for dei oldfunna som var gjort.  Han fekk svar i brev 3. juli 1937:  „.... ''Med erstatningsspørsmålet forholder sig slik at vi ikke utbetaler noget for saker som fremkommer ved museets egne undersøkelser,  ..., men da vi nu forstår at De gjerne vil ha det,  tillater jeg mig å sende kr. 4,- i frimerker.  Beløpet skal deles likt mellem finner og grunneier, og jeg tør be Dem returnere vedlagte kvittering''“. I internt notat signert av "Jentoft" 17.6-37 står følgjande merknad ''Kursiv tekst''"Evas graving hos xxx grav I funnet før hun kom....."''Kursiv tekst''
I den første U-svingen nedover Bonnalia frå Ambogen kjem ein til Træ, som i tidlegare tider var ein samlingsstad i dalen. Her feira dei 17. mai den første tida, og det vart sett opp tribunar og lauvprydd talarstol. Her finn vi Træhaugen (gml. Træshågjen), med ei freda gravrøys som vart registrert i 1934.  Bak denne haugen fins det spor etter den første ferdselsvegen som førde vidare oppover mot Kolabakken og Veset. Blautemyra med sitt rike plante- og insektsliv låg på andre sida av vegen. Den er no fylt opp med lausmassar.  Vidare nedetter på høgdedraget langs hovudvegen vart det også avdekt fleire gravrøyser, utgravne same år av Eva Nissen Meyer. Detaljert "Innberetning om undersøkelser" er signert 8. mai 1934 av Meyer. Desse gravene er tidfesta til eldre jernalder. I gravene vart det funne krossspenner, glasperler, leirkrukker, ei vevskei, ein beinkam, eit snellehjul og brente bein (Per Fett, "Førhistoriske minner i Nordhordland", Historisk Museum, Uib, 1965). Bonden som eigde området gjorde krav om erstatning for dei oldfunna som var gjort.  Han fekk svar i brev 3. juli 1937:  „.... ''Med erstatningsspørsmålet forholder sig slik at vi ikke utbetaler noget for saker som fremkommer ved museets egne undersøkelser,  ..., men da vi nu forstår at De gjerne vil ha det,  tillater jeg mig å sende kr. 4,- i frimerker.  Beløpet skal deles likt mellem finner og grunneier, og jeg tør be Dem returnere vedlagte kvittering''“. I internt notat signert av "Jentoft" 17.6-37 står følgjande merknad ''Kursiv tekst''"Evas graving hos xxx grav 1 funnet før hun kom....."''Kursiv tekst''
 
==== Gamleskulen vert suksessbedrift ====
==== Gamleskulen vert suksessbedrift ====
Lenger nede finn ein Vestlandshus Mjelde A/S på høgre side av vegen. Her etablerte byggmester Alf R. Mjelde sitt byggvarefirma tidleg på 70-talet, først i det gamle skulehuset til Mjelde skule. Her gjekk ein gong skuleelevar som frå gamalt kom til fots frå Rolland, Veset, Haus og Åsheim. Seinare vart skulehuset rive og det vart ført opp lager- og kontorbygg. Vestlandshus er ei solid familiebedrift som leverer nybygg over store deler av Hordaland. Gamle Mjelde skule vart erstatta med nytt skulehus i Haus. Selviktunet ligg på andre sida av elva, over Blommabrua. Her kan ein og sjå att starten på den gamle Prestevegen opp mot Ambogen og Gjerstad, og den gamle ferdselsvegen opp over Blommaskaret til Blom og Havrå. Vegen deler seg mot aust og sør like bak gardstunet. På toppen av innmarka til dette tunet finn ein Kaltrahaugen (dialekt). Her fins framleis grunnmurar etter husmannsplassen der mormor til Amalie Skram, Berthe Nielsdotter Mjelde, vart fødd i 1791 (Liv Køltzow, biografi 1992, og ættarboka Øvre Mjelde 111a).  Bestemor fortalde at folket oppe i Kaltrahaugen ikkje hadde klokke, men følgde med når det kom røyk i skorsteinane nedover dalen.  Bruket på andre sida av steingarden heiter Kaltræ. Ordet "træ"  tyder innhegning for husdyr (Stadnamn i Haus, Haus Sogenemnd 1971) .