Mjeldalen: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 111: Linje 111:

=== Ved Mjeldavatnet ===
=== Ved Mjeldavatnet ===
Elva gjennom Mjeldalen renn ut i Mjeldavatnet, samstundes som saltvatn frå fjorden renn inn gjennom Straumen når sjøen flør. Dette skjer kvar sjette time, og vatnet er såleis ei blanding av ferskvatn og sjøvatn. Innerst ved Mjeldavatnet heiter det „Råkjæ“ og her er det verhardt. Sønnavinden på sitt verste slær attende og piskar opp vatnet til eit einaste råk med både is og vatn oppover lia og heilt over Åsheimfjellet på det verste om vinteren. Innst i vatnet låg også Råkanaustet (no borte), og her er grensa mot Åsheimgardane.  Her i Råkjæ var det også ein husmannsplass. Det vert sagt at forfattaren Claes Gill har røter frå denne plassen. Under det bratte berget mot Mjeldavatnet ser ein tuftene etter husmannsplassen Helgestøa.
Elva gjennom Mjeldalen renn ut i Mjeldavatnet, samstundes som saltvatn frå fjorden renn inn gjennom Straumen når sjøen flør. Dette skjer kvar sjette time, og vatnet er såleis ei blanding av ferskvatn og sjøvatn. Innerst ved Mjeldavatnet heiter det „Råkjæ“ og her er det verhardt. Sønnavinden på sitt verste slær attende og piskar opp vatnet til eit einaste råk med både is og vatn oppover lia, og heilt over Åsheimfjellet i dei hardase kasta vinteren. Innerst i vatnet låg også Råkanaustet (no borte), og her er grensa mot Åsheimgardane.  Her i Råkjæ var det også ein husmannsplass. Det vert sagt at forfattaren Claes Gill har røter frå denne plassen. Under det bratte berget på andre sida av Mjeldavatnet ser ein tuftene etter husmannsplassen Helgestøa.

På landtunga midt i vatnet, Tufta, låg det også ein husmannsplass. Det er råd å koma seg dit langs vatnet ved fjære sjø. Litt oppe i lia, over Hansdalstunet låg husmannsplassen Bakken. I dag er våningshuset restaurert med torvtak, slik det var frå gamalt av. Huset hadde steingolv og todelt dør, og her budde Marta Mjelde (“Bakkamaita“), heilt fram til 1950-talet. Ho opna alltid berre den øverste delen av døra før ho såg kven som kom. Bakkane kring huset var dekte av gule påskeliljer og kvite pinseliljer om våren.  

Litt forbi stokkabrua over elva ligg  „Leisteinen“. Det er ein stor lang kvilestein på høgre side av vegen.  Namnet kjem frå den tida det var ein liten bakke ned mot elva (Leitesteinen) før vegen vart lagt om. Steinen er eit minne om kraftkaren Mons Olsen Nedre Mjelde, Gamle-Hansdalen,  som han vart kalla. Den over tre tonn tunge steinen låg opphaveleg øverst i Vågsliteigane inn mot Kyrkjerindsdalen. Mons fann steinen under dyrkingsarbeid, og tykte at han ville høva til kvilestein nede på Leitet. Dette var i slutten av 1880-åra. Mons samla mannskap, og den store steinen vart dregen på ein diger steinslede av  Hansdalen sin kjempesterke hest. Just som steinen kom på plass, sprakk han  (Gardssoga s 52).  
Litt forbi Stokkabrua over elva ligg  „Leisteinen“. Det er ein stor lang kvilestein på høgre side av vegen.  Namnet kjem frå den tida det var ein liten bakke ned mot elva (leitesteinen) før vegen vart lagt om. Steinen er eit minne om kraftkaren Mons Olsen Nedre Mjelde, Gamle-Hansdalen,  som han vart kalla. Den over tre tonn tunge steinen låg opphaveleg øverst i Vågsliteigane inn mot Kyrkjerindsdalen. Mons fann steinen under dyrkingsarbeid, og tykte at han ville høva til kvilestein nede på Leitet. Dette var i slutten av 1880-åra. Mons samla mannskap, og den store steinen vart dregen på ein diger steinslede av  Hansdalen sin kjempesterke hest. Just som steinen kom på plass, sprakk han  (Gardssoga s 52).  

På venstre side litt lengre framme er store steinmassar tekne ut og fylt i vatnet. Her hadde BIR ein miljøstasjon (2014) og området er no teke i bruk til næringsføremål .   
På venstre side litt lengre framme er store steinmassar tekne ut og fylt i vatnet. Her hadde BIR ein miljøstasjon (2014) og området er no teke i bruk til næringsføremål .