Mjeldalen: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 38: Linje 38:


==== Lensmenn og øvrigheit i Øvre Mjelde ====
==== Lensmenn og øvrigheit i Øvre Mjelde ====
Før reformasjonen var Øvre Mjelde krongods, men etter statskuppet i 1660 vart det seld mykje krongods for å fylle opp statskassa. Etterkvart vart leiglendingane sjølveigarar. Mellom dei var lensmannen, som fekk hand om to av bruka.  Her i Øvre Mjelde rådde i mange generasjonar ei lensmannsslekt som opphaveleg kom frå Rivenes. Den første vi veit om var Anders Johanneson Rifuenes som var lensmann 1676-1701. Etter han kom sonen Johannes Anderson Øvstemjelde, kalla „Øvstemjeldslensmannen“, frå  1701-1722, og etter han Johannes Johannesson, “Askelandslensmannen”, frå 1732-1749. Johannes Anderson Faugstad, også ein etterkomar av Øvstemjeldslensmannen, var lensmann i Arna skipreide frå 1783-1830.  Den mest namngjetne av desse lensmennene var nok Øvstemjeldslensmannen, som var ein driftig herremann. Han  tente store pengar på handel med tømmer som han kjøpte i Stamnes og Evanger og selde  i Bergen. Særleg godt gjorde han det etter den store bybrannen i Bergen i mai 1702. Han kjøpte fleire gardar og gardpartar i Bruvik og Stamnes, og vart ein grunnrik mann. Johannes fekk også sett opp „et helt nødvendig sted“, såkalla nødtørftshus, som må vera ein av dei første doane i Nordhordland.
Før reformasjonen var Øvre Mjelde krongods, men etter statskuppet i 1660 vart det seld mykje krongods for å fylle opp statskassa. Etterkvart vart leiglendingane sjølveigarar. Mellom dei var lensmannen, som fekk hand om to av bruka.  Her i Øvre Mjelde rådde i mange generasjonar ei lensmannsslekt som opphaveleg kom frå Rivenes. Den første vi veit om var Anders Johanneson Rifuenes (1627-1701). Etter han kom sonen Johannes Anderson Øvstemjelde (1660-1731), kalla „Øvstemjeldslensmannen“, og etter han Johannes Johannesson (1685-1749), "Askelandslensmannen". Johannes Anderson Faugstad, også ein etterkomar av Øvstemjeldslensmannen, var lensmann i Arna skipreide frå 1783-1830.  Den mest namngjetne av desse lensmennene var nok Øvstemjeldslensmannen, som var ein driftig herremann. Han  tente store pengar på handel med tømmer som han kjøpte i Stamnes og Evanger og selde  i Bergen. Særleg godt gjorde han det etter den store bybrannen i Bergen i mai 1702. Han kjøpte fleire gardar og gardpartar i Bruvik og Stamnes, og vart ein grunnrik mann. Johannes fekk også sett opp „et helt nødvendig sted“, såkalla nødtørftshus, som må vera ein av dei første doane i Nordhordland.


Eit anna kjend namn som er knytt til Øvre Mjelde er sersjant, stortingsmann og statsråd Ole Monsen Mjelde – ein etterkomar etter Øvstemjeldslensmannen. Han vart fødd i  i 1865 og budde på Barbubruket til han døydde I 1942. Ein periode var han også stortingspresident. Heile 28 år var han rikspolitikar og ellers aktiv i styre og stell i lokalsamfunnet. I 2015 vart det avduka ein bauta over politikaren Ole Monsen Mjelde i  Haus sentrum.
Eit anna kjend namn som er knytt til Øvre Mjelde er sersjant, stortingsmann og statsråd Ole Monsen Mjelde – ein etterkomar etter Øvstemjeldslensmannen. Han vart fødd i  i 1865 og budde på Barbubruket til han døydde I 1942. Ein periode var han også stortingspresident. Heile 28 år var han rikspolitikar og ellers aktiv i styre og stell i lokalsamfunnet. I 2015 vart det avduka ein bauta over politikaren Ole Monsen Mjelde i  Haus sentrum.