Mjeldalen: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 13: Linje 13:
Nederst i Vesetgjelet, på venstre sida av elva går gamlevegen opp til Vinåsgarden. I Vinåsen budde Johannes Vindås, som førde rekneskap for Haus Meieri, og som styrde med utbetaling av mjølkepengar til bøndene i dalen. Når  døtrene Jenny og Ingrid kom gåande frå Haus med store summar, var det ingen Securitas-vakter å sjå, jamvel om heile bygda visste kva dei bar på. Det var stor stas å gå i Vinåsen og henta pengar. Vegen opp Vesetgjelet var tung og mørk og utan veglys. Det fortels at to naboar som hadde vore i lystig lag såg sjølve hinmannen her ei laurdagsnatt på vegen heim. Han stod med klauvene på grinda. Og heilt sant var det.

Frå Ambogen ser ein spor etter den gamle såkalla "Prestevegen" som snirkla seg frå dalen i oppover lia på vestsida mot Ambogen, og vidare over Kolabakken til Vesetgardane. Han er og synleg nede ved dei øverste gardstuna. Det vert fortald at bøndene i dalen måtte bera eller dra presten på slede opp dei bratte bakkane når han skulle ha teneste i Gjerstadkyrkja. “''Det er bedre at drage enn at lade sig drage''”, kom det frå presten der han sat i sleden og fraus (etter Berta Øvremjelde).  
Frå Ambogen ser ein spor etter den gamle såkalla "Prestevegen" som snirkla seg oppover dalen i lia på austsida mot Ambogen, og vidare over Kolabakken til Vesetgardane. Han er synleg nede ved dei øverste gardstuna. Det vert fortald at bøndene i dalen måtte bera eller dra presten på slede opp dei bratte bakkane når han skulle ha teneste i Gjerstadkyrkja. “''Det er bedre at drage enn at lade sig drage''”, kom det frå presten der han sat i sleden og fraus (etter Berta Øvremjelde).  

Nede ved dei øverste gardstuna startar også den tidlegare ferdselsvegen frå Øvre Mjelde over Blommaskaret til Blom og Havrå. Brua over til Selviktunet vart kalla “Blommabrua”.  Denne vegen brukte truleg presten når han skulle vidare til Bruvik med båt.  Leiv Mjelde fortel etter mor si at ho gjekk opp Slåttna (slåttemarkene) og over skaret til Blom når det gjekk nyss om sild i Samnangerfjorden. Så fekk dei skyss med robåt til Trengereid, og deretter bar det til fots over Gullbotn til Samnanger. I dag har vegetasjonen teke over, og vegen over til Blom er lite farbar.  På toppen av Blommaskaret er det enno spor etter ein veg som førde vidare over Hoklane og innover øya. Lengst mot sørvest gjekk ferdselsvegen frå Nedre Mjelde over Tveitane til Vikne. Det er idag ein populær turveg.  