Narvestad (Kvinesdal gnr. 170)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. apr. 2019 kl. 12:22 av AP (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Narvestad
Sokn: Fjotland
Fylke: Vest-Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 170
Ant. bruksnr.: 10 (2018)
Type: Matrikkelgard

Narvestad er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 170. Han hadde tidlegare gnr. 1 i Fjotland kommune, i 1838 gnr. 172 og gamalt matrikkelnummer 316. Geografi Narvestad er den sørlegaste av gardane i Vesterdalen i Fjotland sokn. Hovudbølet låg frå gamalt av på vestsida av Kvina, medan nybruk blei reist på elvesletta på austsida av elva midt på 1800-talet. Slettene på kvar side av elva ligg imot bratte skråningar med Nonansheia i aust og Hoskuldshomheia i vest. Nonansheia markerer grensa til Helle, som ligg omkring garden i nord og aust, medan garden har skogområder heilt inn mot grensa til Sirdal i vest. I sør grensar garden til Røyseland, noko som også var den gamle kommunegrensa mellom Fjotland og Kvinesdal kommunar. I nord grensar også Narvestad til Spikkeland. Åa Stemmen renn ut i Kvina ved Narvestad. Følgjer ein Stemmen motstraums nordvest via Ragnhildhola, kjem man til Narvestadstølen og vidare til Spikkeland. Gardsnamnet Narvestad er avleia av mannsnamnet Narve, og viser helst til ein grunnleggjar eller ryddingsmann. Gardsnamnet er kjend frå fleire plassar i Noreg, men då meist på Austlandet, mellom anna i Trøgstad, Aurskog-Høland og Rælingen. –stad-endinga tyder «bustad» eller «grunn der bustad ligg el. kan liggje». Endinga fortel også at garden blei rydda og fekk namnet i førkristen tid. Av 2500 stad-gardar i Noreg er det berre eit eksempel på ein –stadgard med bibelsk fornamn i fyrste stavelsen. Narve finn ein då også igjen i norrøn mytologi som Loke og Signys son. I heile dagens Kvinesdal er det få namnegarder med –stad-ending, sjølv om dette er ei relativt vanleg namneending på Vest-Agder. Det er også verdt å nemne at av dei –stad-gardane som finst i Kvinesdal blei fleire av dei delt i fleire bruk allereie før matrikuleringane frå slutten av 1500-talet. Noko som tyder på at dette er av dei eldste gardane i bygda sett bort frå gardane med namn etter natur- og landskapsformer. Kanskje hadde han Narve kommi sørover med ein gardpart frå Helle. I 1594, 1611 og 1647 var skriveforma Narffuestad, som også er den mest vanlege skriveforma sett bort frå dagens Narvestad. I 1665 finn vi Narwestad. Gardsbeskrivingar/Livsgrunnlag Narvestad blei i 1661 oppgitt til å ha ein flomkvern og skog til små bjelkar og brende. I 1723 blei garden beskrivi som ein «Landgård i sol- og bakli, lett og tungvunnen», samtidig tok han skade av «elvens brudd» i vårløysinga og andre flaumar. I følgje matrikuleringa hadde dei ein liten seterstøl og «skog til brensel, husbehov og noe til utsalg». Dette var vel ei underdriving. Ifølge Jerstad blei det sagt det var så mykje skog før på Narvestad at dei kunne ikkje bli fattige der. Ei av utfordringane med å bruke matrikuleringsforretningene som kjelde er nettopp at bøndene gjerne gav opp det absolutte minimum av kva dei åtte, for å få ei lågast muleg taksering og med det lågare skatt. (Sjå elles innleiing i bind 1) Jordbruk og husdyrhold 1665 1723 1865 1939 Korn 3 ¾ t 7 t 12 t Poteter - - 15 ½ t Hester 1 1 3 Storfe 9 10 15 Småfe 12 30 73

Kulturminne Då dei skulle grave ut tomta til dagens våningshus på bruk i 1969, blei det funne eit spinnehjul av grå kleberstein. Overflata var nokså mykje forvitra og skada med skår og groper. Hjulet hadde ornering på begge sider og var utforma som eit kors med armane som doble streker ut frå holet. Dateringa er uviss. Den tidlegare Farbrauna, som var ei jernfagverksbru ved Grøndokka i Lyngdal, og det eine spennet av den tidlegare Klevelandsbrauna i Finsland/Laudal blei frakta hit i 1967 og bygde opp att her. På dei opphavlege bruplassane var bruene frå 1880-åra. Det er også registrert restar etter kvernhus og sager i lia over Narvestad jamt med faret til Stemmen. Matrikkel 1639 1661 1723 1802 1838 1886 1950 2019 Nr - - 53 316 172 1 170 170 skyld 1 ½ h 1 ½ h 1 ½ h 1 h 6 eng 1 h 6 eng 3d, 4 ort, 60 sk. - Ant. bruk 1 1 2* 2 2 5 10

  • antall oppsittere

Narvestad har hatt eit stabilt skyldtal i heile perioden vi har kjelder frå. I samband med innkrevjinga av skatten til vedlikehald av Akershus slott i 1594, blei Narvestad oppførd i den såkalla skatteklassen «Halff gordt» (halve gårder) og betala skatt deretter. I 1639 hadde Narvestad «rykka ned eit hakk» til ødegardsklassa, som svara ein lågare skattetakst. Folketal I 1665 blei det registrert 5 mannspersonar som høyrde til Narvestad. 200 år seinare, i 1865, budde det 26 personar her, medan dette talet økte ytterligare fram mot hundreårsskiftet. I dag bur det Kor mange bebuarar (M: Berre vaksne menn) 1665 1769 1801 1865 1900 1920 5M 11 26 37

Eigedomsforhold Ved inngangen til 1600-talet var Narvestad krongods, altså eid av kongen. Oppsitjarane måtte betale landskylda si til kongen. Kongens godssamling skreiv seg tilbake til rikssamlingskampane på 1000- og 1100-talet og var oftast konfiskasjonar frå beseira motstandarar, men lite veit vi om korleis Narvestad hamna i kongens hendar. Også kyrkja satt med store godssamlingar og mye var gåver frå kongsmakta og adelen. Etter store krigsutgifter gjennom 1600-talet fekk Kongen likviditetsproblem, og det meste av krongodset blei seld innan utgangen av hundreåret. Mykje gjekk til velståande borgarar og kjøpmenn som kunne stille med kontantar, noko av dette igjen utgjer framleis store godssamlingar i dag. Ein god del mindre gods fekk bøndene på gardane sjølv kjøpe. Narvestad blei også seld ein gong mellom 1665 og 1669. I 1669 var sokneprest Peder Godtzen blitt eigar.

Delingar og utskiftingar

Det gamle hovudbølet på Narvestad låg på vestsida av Kvina og blei skilt omkring 1630 mellom brørne Olav og Jens i Dør inne og Dør nere. Jens behaldt dei gamle hustuftene på Dør inne. I 1649 hadde gardpartane kvar ei skyld på 9 engelsk.

I 1843 reiste Abraham Svendsen nybruk på austsida av Kvina. Nybruket, som fekk namnet Dør inne, blei seinare bruksnummer 3, mens dei gamle tuftene på Dør nere falt til det seinare bruksnummer 5.

I 1860 var det utskifting mellom dei tre bruka. I 1868 blei Dør ude (bnr. 4) skild ut frå Dør inne (bnr. 3) på austsida av Kvina.

Dør framme (bnr. 2) blei utskild frå Dør inne (bnr. 1) på vestsida av Kvina i 1883. I 1987 blei det gamle hovudbølet Dør inne (bruk 1) delt mellom Dør ude (bnr. 4) og Dør nere (bnr. 5). Dei gamle tuftene følgde Dør nere (bnr. 5) og blei utskild med eget bruksnr. 9 i 2004. Mariann og Ole Jørgen Narvestad bruker eigedommen som fritidsbustad i dag. Tor Gunnar Knabenes fikk utskild ei bustadtomt som bruksnr. 10 i 2005.


Bruk og eigedomar

Bnr. Bruksnamn Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950
1 Dør heima/Strand (1886) Tomt utan eigedomsteig 644a 1 mark 48 øre Tore Jørgensen Tore Jørgensen
2 Dør framme/Skei(1886) Gardseigedom 1 1883 644b 1 mark 48 øre Tønnes Jørgensen Tønnes Jørgensen
3 Dør inne Gardseigedom 1 før 1838 645a1a, b1a 1 mark 58 øre Abraham Svendsen Torvald Narvestad
4 Dør ude Gardseigedom 3 1868 645a1b, b1b 0 mark 32 øre Jens Jakobsen Jette Marie Jensdatter Narvestad
5 Dør nere Gardseigedom 3 1843 645a2, b2 1 mark 39 øre Svend Jørgensen Sven J. Elias Narvestad
8 Bustadtomt 5 1993
9 Dør heima Fritidseigedom 5 2004
10 Bustadtomt 4 2005


1037 Kvinesdal komm.png Narvestad (Kvinesdal gnr. 170) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.