Nils Hovi: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 8: Linje 8:
I skulen la Nils Hovi vinn på å nytte ut målføret i norskopplæringa, og i samarbeid med Valdres norskmålsring gav ha ut ei utgreiing, "Nynorsk til møtes med Valdresmålet", som er ei rettleiing for dei som vil skrive nynorsk på grunnlag av valdresmålet. Dette heftet, som kom ut i 1940, vart sendt til alle skulane i Valdres.

Nils Hovi var friviljug medarbeidar i Norsk Målførearkiv og samla tilfang frå Valdres for arkivet, der finst hundretals oppskrifter med hans prydelege handskrift. For sitt målarbeid blei han heidra med ''[[Austmannaprisen]]''. Fråhaldssaken var ei hjartesak og han var fylkesformann for [[Det Norske Totalavholdsselskap]] (DNT), fyrst i Gudbrandsdalen, sidan i Valdres, og han styrde skriftet ''Kyndil'' i fleire år. Han vart og tildelt [[Klostermedaljen]] for sin innsats. Andre viktige interessefelt for han, var folkeminne og lokalhistorie. I det heile var Nils Hovi interessert i alt som rørde seg i tida, og han skreiv om det i tidsskrifter og blad, både på prosa og vers. Særleg fekk bladet Valdres mykje av han. "[[Falkvor]]" var eit namn han ofte satte under dikta sine der. Best kjent av dikta hans er nok ''Valdressongen'', som vert mykje sungen både i skulane i Valdres, på stemne og når utflytte valdrisar kjem saman i lag.
Nils Hovi var friviljug medarbeidar i Norsk Målførearkiv og samla tilfang frå Valdres for arkivet, der finst hundretals oppskrifter med hans prydelege handskrift. For sitt målarbeid blei han heidra med [[Austmannaprisen]]. Fråhaldssaken var ei hjartesak og han var fylkesformann for [[Det Norske Totalavholdsselskap]] (DNT), fyrst i Gudbrandsdalen, sidan i Valdres, og han styrde skriftet ''Kyndil'' i fleire år. Han vart og tildelt [[Klostermedaljen]] for sin innsats. Andre viktige interessefelt for han, var folkeminne og lokalhistorie. I det heile var Nils Hovi interessert i alt som rørde seg i tida, og han skreiv om det i tidsskrifter og blad, både på prosa og vers. Særleg fekk bladet Valdres mykje av han. "[[Falkvor]]" var eit namn han ofte satte under dikta sine der. Best kjent av dikta hans er nok ''Valdressongen'', som vert mykje sungen både i skulane i Valdres, på stemne og når utflytte valdrisar kjem saman i lag.

Han var glad i song, og han var ei tid formann i Valdres songlag. Han var og formann i Valdres foredragslag og heldt sjølv mange foredrag.  
Han var glad i song, og han var ei tid formann i Valdres songlag. Han var og formann i Valdres foredragslag og heldt sjølv mange foredrag.  

Sideversjonen fra 18. nov. 2019 kl. 13:22

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Nils Hovi (fødd 1. mars 1890, død 30. mars 1978 i Øystre Slidre) var lærar, kulturarbeidar, forfattar og skribent.

Nils Hovi var fødd og vaks opp på garden Hovi. Då han var 18 år gamal, kom han til Valdres folkehøgskule og gjekk der to vintrar. Etterpå vart han oppteken i andre klasse ved Elverum lærarskule og tok ein fin eksamen der 1912. Same året vart han tilsett som lærar ved Segalstad bru i Gausdal. Seinare kom han til Gausdal folkehøgskule, til Hovsvangen folkeskuleØstre Toten og Lien folkeskule i Fron.

I 1922 vart Rogne nye skule innvigd, og etter oppmoding søkte Nils Hovi, vart tilsett som lærar, og der vart han verande til han gjekk av med pensjon. Han var og kyrkjesongar ved Rogne kyrkje i mange år. Sitt yrke utførde Nils Hovi alltid samvitsfullt, og han var ein framifrå lærar. Men det var som kulturarbeidar og skribent han vart kjend i vidare krinsar.

I skulen la Nils Hovi vinn på å nytte ut målføret i norskopplæringa, og i samarbeid med Valdres norskmålsring gav ha ut ei utgreiing, "Nynorsk til møtes med Valdresmålet", som er ei rettleiing for dei som vil skrive nynorsk på grunnlag av valdresmålet. Dette heftet, som kom ut i 1940, vart sendt til alle skulane i Valdres.

Nils Hovi var friviljug medarbeidar i Norsk Målførearkiv og samla tilfang frå Valdres for arkivet, der finst hundretals oppskrifter med hans prydelege handskrift. For sitt målarbeid blei han heidra med Austmannaprisen. Fråhaldssaken var ei hjartesak og han var fylkesformann for Det Norske Totalavholdsselskap (DNT), fyrst i Gudbrandsdalen, sidan i Valdres, og han styrde skriftet Kyndil i fleire år. Han vart og tildelt Klostermedaljen for sin innsats. Andre viktige interessefelt for han, var folkeminne og lokalhistorie. I det heile var Nils Hovi interessert i alt som rørde seg i tida, og han skreiv om det i tidsskrifter og blad, både på prosa og vers. Særleg fekk bladet Valdres mykje av han. "Falkvor" var eit namn han ofte satte under dikta sine der. Best kjent av dikta hans er nok Valdressongen, som vert mykje sungen både i skulane i Valdres, på stemne og når utflytte valdrisar kjem saman i lag.

Han var glad i song, og han var ei tid formann i Valdres songlag. Han var og formann i Valdres foredragslag og heldt sjølv mange foredrag.

Personleg var Nils Hovi ein stillfarande og vennleg mann og sjølv om han ikkje hadde sterk helse, fekk han leva eit langt og verksamt liv.

Bibliografi

  • Dagrand. Dikt. 1989
  • Nynorsk til møtes med Valdresmålet: norske retningslinjar. Valdres norskmålsring, 1939

Kilder og litteratur

  • Olav T. Beito: Minneord. I:Tidsskrift for Valdres historielag. Årbok 1978

Se også