O.A.J. Løseth Eftf.: Forskjell mellom sideversjoner
(Ny side: '''O.A.J. Løseth Eftf.''' er ei daglegvareforretning i Ramstaddalen. Ole Andreas J. Løseth opna landhandel i kjellaren på bustadhuset sitt ovanfor Ramstad-kaia i 1898 eller 1899. Lan...) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''O.A.J. Løseth Eftf.''' er ei daglegvareforretning i Ramstaddalen. Ole Andreas J. Løseth opna landhandel i kjellaren på bustadhuset sitt ovanfor Ramstad-kaia i 1898 eller 1899. Landhandelen førde vanlege matvarer, men hadde i tillegg ein god del artiklar som folk hadde bruk for i dagleglivet: reiskapar og verkty av ymse slag, spikar, skruar, beslag m.m., og ein del manufakturvarer. Tidleg i 1930-åra fekk firmaet eiga bensinpumpe, og dermed kom drivstoff og oljeprodukt med i vareutvalet. | '''O.A.J. Løseth Eftf.''' er ei daglegvareforretning i Ramstaddalen. Ole Andreas J. Løseth opna landhandel i kjellaren på bustadhuset sitt ovanfor Ramstad-kaia i [[1898]] eller 1899. Landhandelen førde vanlege matvarer, men hadde i tillegg ein god del artiklar som folk hadde bruk for i dagleglivet: reiskapar og verkty av ymse slag, spikar, skruar, beslag m.m., og ein del manufakturvarer. Tidleg i 1930-åra fekk firmaet eiga bensinpumpe, og dermed kom drivstoff og oljeprodukt med i vareutvalet. | ||
Då sonen, Oskar Løseth, overtok firmaet i 1944, forandra han firmanamnet til O.A.J. Løseth Eftf. Han sette opp nytt forretningsbygg i to høgder på Ramstad-kaia, og der har forretninga halde til sidan. | Då sonen, Oskar Løseth, overtok firmaet i 1944, forandra han firmanamnet til O.A.J. Løseth Eftf. Han sette opp nytt forretningsbygg i to høgder på Ramstad-kaia, og der har forretninga halde til sidan. |
Sideversjonen fra 2. apr. 2015 kl. 09:21
O.A.J. Løseth Eftf. er ei daglegvareforretning i Ramstaddalen. Ole Andreas J. Løseth opna landhandel i kjellaren på bustadhuset sitt ovanfor Ramstad-kaia i 1898 eller 1899. Landhandelen førde vanlege matvarer, men hadde i tillegg ein god del artiklar som folk hadde bruk for i dagleglivet: reiskapar og verkty av ymse slag, spikar, skruar, beslag m.m., og ein del manufakturvarer. Tidleg i 1930-åra fekk firmaet eiga bensinpumpe, og dermed kom drivstoff og oljeprodukt med i vareutvalet.
Då sonen, Oskar Løseth, overtok firmaet i 1944, forandra han firmanamnet til O.A.J. Løseth Eftf. Han sette opp nytt forretningsbygg i to høgder på Ramstad-kaia, og der har forretninga halde til sidan.
Tredje generasjon, Oddvar Løseth, overtok firmaet i 1975, men hadde då vore med på å drive forretninga i mange år. Han står framleis ansvarleg for drifta. Saman med seg i butikken har han kona.
O.A.J. Løseth Eftf. har heilt fram til dei siste åra drive som ein assortert landhandel. I tillegg til alle slags kolonialvarer har det blitt ført landbruksvarer som kunstgjødsel, formjøl og såvarer. I andre høgda i forretningsbygget var det i fleire år eiga avdeling for steinty, kjøkkenutstyr, leikety m.m.
Kjelde:
- Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.