O. Haddals Møbelfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. sep. 2013 kl. 14:52 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''O. Haddals Møbelfabrikk''' var ein møbelprodusent i Sykkylven. Verksemda vart starta av Osvald Haddal i 1941 og den første tida han til i kjellaren på Vadhuset i Aure sentrum....)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

O. Haddals Møbelfabrikk var ein møbelprodusent i Sykkylven. Verksemda vart starta av Osvald Haddal i 1941 og den første tida han til i kjellaren på Vadhuset i Aure sentrum. Med seg på eigarsida hadde Haddal handelsbetjent Einar Moldestad. Verksemda gjekk difor første tida under namnet Moldestad & Haddal. Seinare vart Moldestad løyst ut.

Osvald Haddal kjøpte tomt på Grebstad i 1949 og bygde stovehus der. Verkstaden fekk då plass i kjellarhøgda i nyehuset.

Fabrikken hadde i etterkrigsåra til vanleg fem-seks mann i arbeid. Dei laga lenestolar og salongar. Osvald Haddal reiste i 1963 til Etiopia for å gje opplæring i møbeltapetsering. Då vart bedrifta nedlagt.

Einar Moldestad dreiv i 1950-åra møbelproduksjon i kjellaren i bustadhuset sitt på Klokkarhaugen. I 1955 hadde han fem tilsette.


Kjelde:

  • Eldar Høidal: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990.