Ola Helset

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. nov. 2009 kl. 18:30 av Aleksander Høydal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Ola Olsson Helset''' (født 31.12.1829 på Helset i Volda, død 1906 i Høydalen) kom ifrå ein velståande familie på Helset. Han kom over f...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ola Olsson Helset (født 31.12.1829 på Helset i Volda, død 1906 i Høydalen) kom ifrå ein velståande familie på Helset. Han kom over fjellet på Fairdalen,og gifta seg med enkja Ane Eline Mortensdotter Høydalsbø (født29.12.1833 på Høydalsbøen i Volda, død 1924 på Høydalsdalen, Volda). Dei fekk tre born i lag:

  • Lars Olai f. 21.1.1867, tok over garden etter foreldra.
  • Brit Marie f. 21.2.1869, fekk med seg 12 000 kr og busette seg i Skjerva, Halkjelsvik.
  • Marta Høydalsdal f. 23.1.1876, gifta seg til Straume i Kilsfjorden.

Ola Olsson var ein rik mann den gongen og lånte ut pengar til gardar som ikkje hadde so mykje. Han eigde òg ein gard på Folkestad og ein gard på Brune i Dalsfjorden. Han bygde seg båtbyggjeri, og lærte vekk båtbyggjarkunnskapar til Rasmus J. Høydalsvik, som seinare fekk til eit båtbyggjeri. Han bygde ògbedehuset i Høydalen, som varte i nesten 100 år. Han og familien stodopp kl. 6 kvar morgon for å be.

Kjelder:

  • Busetnadssogafor Volda band 1 s. 548, band 3 s. 16 og 73.
  • Utlånsbok, privat.
  • Forteljing, folkemunne.
  • Dagbok, privat eige.