Ole Morsing

Ole Morsing (fødd 13. april 1684 i Trondheim, dødsår ukjent) vart cand.theol. 11. august 1713. Han vart utnemnd til sokneprest i Jostedal prestegjeld 22. juni 1731, men var av økonomiske grunnar ikkje i stand til å ta over prestekallet. Morsing miste embetet då Hans Christian Frørup vart utnemnd 12. juli 1732. Det er ikkje kjent kvar det vart av Morsing. Ein kjenner heller ikkje til om det var prestevikar i Jostedalen 1731-32.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune.(digital utgåve, NBdigital)


Forgjengar:
 Hans Hansson Wiingaard 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Hans Christian Frørup