Oselvarverkstaden

Oselvarverkstaden er eit båtbyggjeri i Os i Bjørnafjorden kommune. Det vart skipa som ei stifting i 1997, med dåverande Os kommune, Hordaland fylkeskommune og Os båtbyggjarlag som eigarar. Asmund Lien har vore leiar sidan starten. Verkstaden tek vare på og formidlar oselvartradisjonen, ein meir enn tusen år gammal båtbyggjartradisjon.

Oselvarverkstaden sin stand på Forbundet KYSTEN sitt landsstemne i Bjørvika i 2014.
Foto: Chris Nyborg

Verkstaden byggjer og reparerer båtar og tek vare på og utviklar handverket. Dei har ope for publikum nokre timar kvar veke, og dei har også ei utstilling som viser oselvaren sin historie gjennom tusen år.

Kjelder