Ottar Hustad Småindustri

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. okt. 2013 kl. 07:30 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Ottar Hustad Småindustri''' var ein trevareprodusent som heldt til på Sørestranda i Sykkylven. Eigaren, Ottar Hustad, byrja med småindustri på Daveneset i 1943. Han laga barn...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ottar Hustad Småindustri var ein trevareprodusent som heldt til på Sørestranda i Sykkylven. Eigaren, Ottar Hustad, byrja med småindustri på Daveneset i 1943. Han laga barnestolar og leikety. Det var vanskeleg å få tak i slikt under krigen, og dermed var det god etterspurnad etter varene. Som hjelpemiddel i verstadlokalet fekk han etter kvart bandsag, høvel, sirkelsag og bandpussemaskin.

Ottar Hustad heldt jamn produksjon gjennom dei tre siste krigsåra. Både i 1944 og 1945 var han oppført med ei inntekt på 2025 kroner i den kommunale skatteprotokollen. Hustad var åleine på verkstaden.

I 1949 gjekk han over til å lage kjøkkeninnreiingar. Då bygde han ein verkstad på parsellen Sjøstrand på Jarnes. Også her var han for det meste åleine dei ti åra verksemda var i gang. Han måtte legge ned drifta då dei ferdige kjøkeninnreiingane kom på marknaden.


Kjelde: