P. & J. Midtgård Trevarefabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. des. 2013 kl. 08:20 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: P. og J. Midtgård Trevarefabrikk var ei trevarebedrift i Hundeidvik i Sykkylven. Verksemda vart etablert av brørne Petter og Jørgen Midtgård. Dei bygde ein verkstad på parsellen...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

P. og J. Midtgård Trevarefabrikk var ei trevarebedrift i Hundeidvik i Sykkylven. Verksemda vart etablert av brørne Petter og Jørgen Midtgård. Dei bygde ein verkstad på parsellen Heimsteøyra under bruk nr. 4 på Midtgård i 1951. Frå 1948 hadde dei drive i ei lita stove i Toregarden på Midtgård.

Brørne laga stolgrindar til lokale møbelfabrikkar: Formfin og P.O. Jarnes Møbelfabrikk var store avtakarar. Til å hjelpe seg i produksjonen hadde dei i femtiåra ein maskinsnikkar.

I 1965 fekk brørne arbeid ved J.E. Ekornes Fabrikker A/S. Jørgen Midtgård arbeidde treverk seinare også. Han leverte ein del til Rajo Møbler A/S då denne verksemda kom i gang i 1971.

Kjelde: