Per Grønli

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. jul. 2011 kl. 06:39 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: Læraren, musikkinstruktøren, trompetisten og målaren '''Per Grønli''' er fødd på Skotfoss ved Skien i 1944. Han tok lærarutdanning og musikkfordjuping og var i tidlege yrkesår engas...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Læraren, musikkinstruktøren, trompetisten og målaren Per Grønli er fødd på Skotfoss ved Skien i 1944. Han tok lærarutdanning og musikkfordjuping og var i tidlege yrkesår engasjert i musikklivet på Notodden. Han gifte seg med sykkylvskvinna Hilde Straumsheim i 1974. I 1975 flytte dei til Sykkylven der Hilde tok over slektsgarden i Straumgjerde. Per byrja då i stilling som lærar ved Vik skule. På fritida dirigerte han mellom anna Aure skulekorps, som på denne tida kom opp på eit høgt nivå og hevda seg godt i nasjonale konkurransar. Per var sjølv ein dyktig trompetist og spelte ofte ved ulike arrangement.

Kring 1990 byrja han å dirigere Ørskog Brass. Ikkje lenge etterpå tok han også på seg oppgåva som dirigent for janitsjarorkesteret Lurlåt i heimkommunen. Igjen gjekk han til verket med ambisjonar om å få til eit kvalitetsmessig løft. Han lukkast å motivere musikantane til stor innsats, og orkesteret gav seg i kast med krevjande nummer og gjorde det ved fleire høve skarpt i nasjonale tevlingar.

Då Grønli vart 62 år pensjonerte han seg frå lærarjobben. Ein av grunnane til det var at han ønskte å få bruke meir tid på ein av dei store hobbyane sine, måling. Det som så langt hadde vore nattarbeid kunne no gjerast på dagtid. Per Grønli har fått fram ein særmerkt strek der han kontrasterar klåre fargar og let landskapsformene spele mot kvarandre. Han er tydeleg inspirert av den mektige sunnmørsnaturen som han har rundt seg. Då han kom til Sykkylven meinte han at fjella ville kvele han. No er det naturen, med dei mektige fjella, elvane og den frodige vegetasjonen som gjev han størst inspirasjon i virket som kunstnar. Per Grønli har hatt eit par separatutstillingar ved og hans fargeglade og karaktersterke bilete er mykje etterspurde.

Dei siste åra har arbeidd med å gjere lokale folketonar meir tilgjengelege. Mange av desse står i fare for å gå i gløymeboka. Per Grønli har gjort ein innsats for at dei skal kunne brukast ved å harmonisere melodiane. Opprinneleg var dei berre registrerte med ein melodistemme.

Per Grønli bur i dag (2011) på Grebstad ved Sykkylven sentrum.


Kjelde

  • Sykkylven sogenemnd: Innflyttarboka. Sykkylven 2010

[[Kategori: Personer i Sykkylven]]