Piperud (Sauherad gnr. 65/9)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. jan. 2020 kl. 15:18 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «Kategori:Sauherad kommune» til «Kategori:Sauherad Kategori:Midt-Telemark kommune»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Åste Torsteinsdtr. Piperud (f. 1847), med borna Ingebret (f. 1893), Rollef (f. 1879) og Kari (f. 1890) framfor husmannsplassen Piperud i Sauherad.
Foto: Ukjend (1910). / Sauherad historielag.

Piperud var ein husmannsplass under Øvre Holtan i Sauherad kommune.

Historikk

Piperud låg oppunder skogkanten på eigendomen Fjellheim. Det budde folk her til rundt 1910-1920, og husa blei rivne på 1920-talet. Piperud er omtala frå like etter 1710. Plassen er ikkje med i skoskatten 1711, men kan ha vore nybygd då. Dette er den samme plassen som tidlegare blei kalla Bekkhus. Den fyrste husmannen var Sveinung Aslaksson frå Hjartdal. Han budde her mellom ca. 1677-1733. Sønnen hans, Aslak, var født i 1710 på Bekkhus og døydde i 1762 på Piperud. Østen Olsson (ca. 1735-1810) kjøpte retten til Piperud i 1765 for 26 dalar.

Kjelder

  • Kirkeby, Birger, Bygdebok for Sauherad, bind IV, (s. 219ff.).
  • Kulturminnegruppa i Gunheim krins.