Rognald Berge

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Rognald Nilsson Ytre Berge (1797-1885) frå Berge i Høyanger var ein kjend spelemann og kjend for sine kjempekrefter.

Foreldra hans var Nils Rognaldson Ytre Berge (1769-1847) og Ragnhild Einarsdtr Berge (1762-1841)

Berge hadde ei uvanleg ekteskapshistorie. Han vart gift i 1836 med Lukris Persdtr Øren (1800-1851). Berge fekk ein uekte son i 1823 med Ragnhild Larsdtr Berge (1799-1877), men ville ikkje gifte seg då. Etter at han var blitt enkemann og ho enke gifta dei seg 30 år seinare i 1853.

Søstera Gjøa Nilsdtr Ytre Berge (1800-1883[1]) var mor til spelemannen Anders Sagen (1829-1922) som ho fekk med Håvard Jørgenson Lukrheim spelemann frå Valdres. Berge var altså onkel til Anders Sagen. Ifølge Hardingfeleverket Wiki «Slåttar frå Sogn» og Mjølsnes (2015b) [2]var Berge ein av læremesterane til Anders Sagen. Berge skal og ha vore læremester for Sjur Hansson Berge (1848-1930)

Kjempekrefter

Berge var kjend for sine kjempekrefter, men var ein fredeleg kar. Ei soge frå rundt 1830 finn stad då han var på veg ut Sognefjorden for å fiske saman med andre frå ytre Sogn. På vertshuset i Verholm var det og ein gjeng frå indre Sogn. Ettersom stemninga steig begynte indresogningane å kyte over at dei var sværare karar enn «saongfjørdingane». Snart vart det fullt slagsmål.  Berge tok då til å bryte den eine etter den andre av indresogningane ut gjennom vindauget så glas og sprosser fauk. Dei andre indresogningane vart kasta ut gjennom døra. Då Berge hadde roa seg etter berserkrida gjekk han bort til vindauget og sa til dei utkasta: «Berre kom inn her, karar! Her er det stilt og fredeleg!»

Tradisjonsberar for hardingfele i Sogn

Berge er samen med Jens Fresvik rekna som store tradisjonsberarar for hardingfele i Sogn. Berge fekk slåttar frå fleire spelemenn og førte dei vidare til neste generasjon. Arne Bjørndal [3] skreiv ned slåttar frå Anders Sagen i 1916 og 1917, mykje av dette fekk Sagen frå Berge. Einar Mjølsnes si innspilling av "Slåttar etter Anders Sagen" inneheld mange av desse slåttane (Mjølsnes 2015)[4]. Notane og korte historier kan finnast i Hardingfeleverket [5]. Hardingfeleverket brukar konsekvent namnet «Ragnvald Berge».

Gangaren eller vandreslåtten «Gudvangen» i Sogn kalla Luråsen, fekk Berge av Knut Lurås i 1835 og gav den vidare til Anders Sagen i 1840.

Eldgamal Brureslått fekk Berge frå Anders Haga i Myrkdalen ved Voss i 1820. Haga fortalde Berge at denne slåtten var "hundrevis av år" gamal. Sagen lærte slåtten i 1846 av Berge. Slåtten skulle alltid spelast når brura kom frå kyrkja. Når brure laget kom heim i tunet, laut alltid spelemannen stryke opp denne brureslåtten og spela brure folket inn i stova. Og han spela til brura var vel sessa i høgsetet og gjestene samla.

Slåttar etter Berge

To slåttar er omtalt etter Berge. Ifølge tradisjonane på Berge i Høyanger og Leirnes med fleire (1963)[6][6] er Berge kjend for «Tobbegilslåtten frå dei underjordiske». På veg heim frå ein spelejobb tidleg på 1800 talet tok Berge den bratte stien frå Bergsvika opp til garden på Berge. Han var litt på ein snurr og måtte kvile på veg opp Tobbegjelet (Tobbegilet) og la seg derfor til på Tobbegjelsknausen. Berge vakna av at nokon spelte ein fin lausdans. Og der han låg kunne det ikkje være andre enn dei underjordiske som spela. Berge lærte seg slåtten ved dette og spelte den ofte sidan.  Den har ifølge bygdeboka vore mykje spela og tralla på Kyrkjebø, og var kjend så seint som i 1919. 

«Stegaslåtten» er nedskreven etter Anders Sagen, som skal ha fått denne frå Berge ifølge Hardingfeleverket. I denne historia så har Berge vore på dansespeling på Austrheim vel 2km frå heim garden på Ytre Berge. Dette var om vinteren og det låg snø på marka. På heimvegen om formiddagen då han kom fram til Eide-stigen, la han seg ned trøytt og søvnig i snøen. Han sovna med hodet på feleskrinet. Då han vakna etter eit bel, ljoma ein ny slått i hovudet. Berge og andre spelemenn spelte denne slåtten mykje. spelte på seinare skreiv ned.  Eide må vere ei referanse til Nordeide. Kan Eidestigen kan være den gamle stigen frå Nordeide opp til garden til Rognald Berge. Stegaslåtten er innspelt av Einar Mjølsnes (2015).[4]

Historiene om Tobbegjelslåtten og Stegaslåtten er påfallande like. Det er ikkje mogeleg å påvise om det er same opphavet til desse.

Referanser

  1. [1] dødsår frå «Klokkerbok for Vik prestegjeld, Kvamsøy sokn 1878-1895»
  2. Einar Mjølsnes, 2015b, omtale av «Slåttar etter Anders sagen» Grappa.no
  3. Arne Bjørndals Samling - folkemusikksamling | Griegakademiet – Institutt for musikk | UiB
  4. 4,0 4,1 Einar Mjølsnes, 2015, Slåttar etter Anders Sagen». CD, tilgjengeleg på Spotify og på Grappa.no.
  5. Hardingfeleverket. Arne Bjørndal, Truls Ørpen og Eivind Groven med fleire, 1954-1981, «Norsk folkemusikk», 7 bind. Feleverkene | Nasjonalbiblioteket (nb.no)
  6. 6,0 6,1 Siteringsfeil: Ugyldig <ref>-tagg; ingen tekst ble oppgitt for referansen ved navn :0

Kjelder og litteratur

Om ikkje anna er nemnt er Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik (Leirnes med fleire, 1963)[1] kjelda for denne artikkelen.

Eksterne lenkjer

  1. Leif Leirnes, Adolf Førsund, Sigurd Førsund, 1963, Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik. 3 bind.