Romundset skule: Forskjell mellom sideversjoner
(lenkje til Aurgjelda + ymist småtteri) |
({{nn}}) |
||
Linje 23: | Linje 23: | ||
[[Kategori:Stemshaug]] | [[Kategori:Stemshaug]] | ||
[[Kategori:Etableringer i 1923]] | [[Kategori:Etableringer i 1923]] | ||
{{nn}} |
Sideversjonen fra 27. jan. 2016 kl. 12:40
Romundset skule var ein tidlegare krinsskule i dåverande Stemshaug kommune (i dag Aure kommune) på Nordmøre. Skulehuset vart bygd i 1923.
Om skulen
Skulen var lokalisert ved Knorrbukta, eller "Knorrå" som staden vart kalla på folkemunne. Dette namnet vart også bruka om skulen.
I skulehuset var det også ein lærarbustad. Det var lokale folk frå krinsen som hadde ansvar for å byggja huset.
Til lærarbustaden høyrde det også såkalla kommunal lærar-jord på 12 mål, der ein kunne driva enkelt fe-hald og jordbruk. Det vart bygd ny låve og nytt fjøs (med plass til minst to kyr, tre-fire sauer, ein gris og ti-femten høner). Det vart også dyrka poteter og grønsaker.
Den fyrste læraren
Knut O. Vik var den fyrste læraren ved skulen. Han busette seg i "Knorrå" med familien sin: kona Gjertine og borna Olav (2 år) og Ivar (1/2 år). Ekteparet fekk seinare tre gutar til, og dei fekk mykje av oppveksten sin her. Familien flytta til Aure i 1938, då Knut O. Vik fekk ny lærarpost der.
Kjelder
- Ivar Vik: «Livet og tilhøva i ein kretsskule på 20-30 talet», i Tu Aurgjelda, 1998.
- May S. Bjørkaas: Ivars toner