Russefangar i Fyresdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. aug. 2011 kl. 17:10 av Olav Momrak-Haugan (samtale | bidrag) (Ny side: Fire russarar var fangar på gamle Gimle skule i Fyresdal på slutten av krigen 1940-1945, døydde her og vart gravlagde på Moland nye kyrkjegard. [[Bilde:Russegrav Moland nye kyrkjegard 2...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fire russarar var fangar på gamle Gimle skule i Fyresdal på slutten av krigen 1940-1945, døydde her og vart gravlagde på Moland nye kyrkjegard.

Grava til russefangar på Moland nye kyrkjegard (foto Olav Momrak-Haugan 2011)

Leiren på Gimle skule

Til Fyresdal kom tyskarane med over hundre russiske fangar våren 1944. Gimle skule og området rundt blei okkupert. I skulehuset blei fangane innlosjerte medan dei tyske vaktene heldt til i den nærliggande distriktslækjarbustaden Gardar. Eit nærliggande losje - hus vart teke til lagerbygning. Rundt skulehuset vart det satt opp høge dobbelte piggtrådgjerde.

Den fyrste tida fekk ein lov til å gå ned til gjerdet rundt Gimle og framom leiren. Dei russiske fangane var uvanleg flinke songarar og om sundagen då dei ikkje arbeidde i skogen samla dei seg ute og laga eit meisterleg songkor. Bygdefolket samla seg her og lydde til den fine songen. Men etter ei tid synest visst tyskarane at folk vart for nærgåande og det vart satt opp ein bom eit stykke unna, men ein kunne likevel høyre songen deira.

Fangane arbeidde i skogen med tømmerhogst og dersom ikkje vegen var for lang til arbeidsområdet marsjera dei til og frå. Då la ofte bygdefolk ut matpakker til dei i vegkanten, noko fangane såg etter med ørneaugo. Enkelte av dei tyske vaktene greip inn, men andre oversåg dette. Ein del av tyskarane gjekk rundt i heimane og tala med folk og dei tok då med seg matpakker til fangane i byte med ymse saker russarane hadde laga. Det kunne vere stråarbeid, trearbeid, graverte dåser, messingringar og anna. Bygdefolket synest det var gildt at det fantes medmenneske blant fienden.


Dødsfall og gravlegging

Gravminne på Moland nye kyrkjegard (foto Olav Momrak-Haugan 2011)
Gravferd 9. juni 1945 (fotograf usikkert)

Det var mykje utøy i fangeleiren og det kom etter kvart tuberkulose. Kor mange som vart smitta av dette veit ein ikkje, men fire av fangane døydde og vart gravlagde i skogkanten ved Gimle skule.

Etter frigjeringa vart gravene flytta til Moland nye kyrkjegard og der vart då ei felles gravferd markera 9. juni 1945. Fire russarar kom til Fyresdal og var med. Dei står ved kvar sitt hjørne av den opne grava på foto som er teke ved denne høgtida.

Namnet til dei russarane som kviler her er

  • Ijvan Tschuitkow død 1944 gravlagd 09 06 1945
  • Dijmutri Gorschko fødd 1904 død 22 12 1944 gravlagd 09 06 1945
  • Anton Uljko død 1944 gravlagd 09 06 1945
  • Nykyta Aholonskiji fødd 1903 død 27 03 1945 gravlagd 09 06 1945


Dei har fått eit felles gravminne som står like innanfor porten til kyrkjegarden og på dette står namna på dei gravlagde og:

Frihet – likhet – brorskap. Døyde i tysk fangenskap 1944


Kjelder

  • Minne frå Fyresdal 1940-1945. Gjeve ut av skule- og kulturutvalet. Fyresdal kommune. 1995. s. 102.
  • Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 1994 s. 78
  • Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2006 s. 100
  • Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2011 s. 66