S.H. Kulseth bakeri

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. apr. 2015 kl. 10:07 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''S.H. Kulseth''' var ei bakarvareforretning i Sykkylven. Eigaren, Sigmund H. Kulseth, var utdanna bakar då han kom til kommunen, og arbeidde nokre år hos bakarane Walderhaug og Roald...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

S.H. Kulseth var ei bakarvareforretning i Sykkylven. Eigaren, Sigmund H. Kulseth, var utdanna bakar då han kom til kommunen, og arbeidde nokre år hos bakarane Walderhaug og Roald før han kom i gang med sitt eige firma.

Firmaet vart skipa i 1965. Sjølve bakeriet hadde då lokale på Vik, og utsalet var i Klock-huset på Aure. I 1975 vart bakeriet flytt til nye, romslege lokale hos Jens Ullavik på Fauske, medan utsalet har vore på same staden heile tida.

Produkta, alle slag brød og konditorvarer, vert omsette gjennom utsalet på Aure, men ein god del vert og levert til kolonialkjøpmenn i og utanfor kommunen.

Sidan starten har firmaet hatt ei fin utvikling både økonomisk og produksjonsmessig. Utstyr og maskinar vert stadig moderniserte og fornya. S. H. Kulseth har no to faste arbeidarar og ein på deltid.


Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.