Sandlandvegen (Kviteseid)

Sandlandvegen i Brunkeberg i Kviteseid kommune er ein drygt 1 km lang blindveg som går austover frå Ordalsvegen i Sandlandsgrendi.

Parti frå Sandlandvegen.
Foto: Roy Olsen (2021).

Vegen har namn etter Sandland-gardane.

Nær vegen står Endrekyrkja eller Kristkyrkja, eit stavkirkeinspirert kapell som Endre Sandland (1929–2016) og kona hans, Halldis, sette opp heime på garden Sandland. Det er 6 meter langt og 1,8 meter breitt og det skal ha plass til 20 personar. Ved sida av kapellet står ein støpul med klokke. Kapellet vart innvia av biskopen den 22. november 1968.

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Norske kirker.net:Endrekirken


Koordinater: 59.45521° N 8.50205° Ø