SapDesign

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. mar. 2012 kl. 12:23 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: SapDesign er ei møbeldesignbedrift som er eigd av designaren Svein Asbjørnsen i Sykkylven. Svein Asbjørnsen er son til Asbjørn Asbjørnsen som i åra 1943 til 1960 dreiv møbeltapetsera...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

SapDesign er ei møbeldesignbedrift som er eigd av designaren Svein Asbjørnsen i Sykkylven. Svein Asbjørnsen er son til Asbjørn Asbjørnsen som i åra 1943 til 1960 dreiv møbeltapetserarverkstad i Knutgarden på Aure. Han fekk tidleg interesse for møbelproduksjon og møbelforming, og etter at han var ferdig med militærtenesta i 1967 fekk han praksisplass ved kontoret til møbeldesignaren Ingmar Relling i Sykkylven. Han gjennomførte deretter møbeldesignutdanning ved Statens Handverks- og Kunstindustriskule i Oslo. I 1969 var han blant de første som fikk bransjeforeningens stipend for unge, lovende designere.