SapDesign

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

SapDesign er ei møbeldesignbedrift som er eigd av designaren Svein Asbjørnsen i Sykkylven. Svein Asbjørnsen er son til Asbjørn Asbjørnsen som i åra 1943 til 1960 dreiv møbeltapetserarverkstad i Knutgarden på Aure. Han fekk tidleg interesse for møbelproduksjon og møbelforming, og etter at han var ferdig med militærtenesta i 1967 fekk han praksisplass ved kontoret til møbeldesignaren Ingmar Relling i Sykkylven. Han gjennomførte deretter møbeldesignutdanning ved Statens Handverks- og Kunstindustriskule i Oslo. I 1969 var han blant dei første som fikk bransjeforeininga sitt stipend for unge, lovande designarar. Med på samme ordninga var Svein Leirdal. Saman med Leirdal og sambygdingen Jan Lade etablerte Svein Asbjørnsen i 1970 designbedrifta Møre Designteam. Dei markerte seg raskt med nyskapande modellar der dei kombinerte eksperimentelle formuttrykk med bruk av moderne materialar som møbelindustrien nett då var i ferd med å ta bruk, som til dømes skumplast. Stolen Ecco frå 1970 frå Møre Designteam var ei dei aller første stolmodellane der kaldskum vart støypt rundt ei metallramme. Dei tre unge designarane gjekk inn ei samarbeidsavtale med tre lokale møbelbedrifter som forplikta seg til å kjøpe tenester frå dei; Hjellegjerde, L.K. Hjelle og Hole & Lillebøe. Det var L.K. Hjelle som tok opp produksjonen av Eccostolen, som ikkje vart nokon publikumssuksess. Betre resultat fekk Hjellegjerde av Colombi-salongen som Møre Designteam stod bak. Her var ryggputene støypte rundt rør som stakk ut og kunne koplast til seteramma, ein revolusjonerande teknikk som gjorde samansetjingsarbeidet svært enkelt. Tilsvarande forenkling låg i modellen 1001 for Hole & Lillebøe. Det var eit såkalla byggemøbel som brukaren kunne byggje ut etter ønskje, frå ein-seter til to-seter og så vidare, etter ønskje. Støypeformene til modell 1001 er dei første som skumplasstbedrifta Sandella fekk laga.