Sara Oust: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
(lenkje, F-merkingsforslag)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 17: Linje 17:


== Leiaransvar ==
== Leiaransvar ==
Sara Oust vart leiar for det haugianske venesamfunnet i Vingelen og Nord-Østerdal.<ref>Haukland, L. 2017, side 6 not 16 og 17.</ref> Det galdt ikkje berre på det åndelege plan, men også på det verdslege. Røros koparverk hadde ei [[Vingelen kopargruve|gruve i Vingelen]], der malmen vart frakta til [[Tolga smeltehytte|smeltehytta på Tolga]]. Etter at gruva hadde lege brakk ei tid, overtok det haugianske venesamfunnet den i 1804. Hans Nielsen Hauge hadde oppfordra til dette da han på reisa si frå Trondheim gjennom Gudbrandsdalen hadde møtte nokre vener frå Vingelen som hadde fortalt om denne malmgangen. Hauge fortel sjølv at han «tilraadede nogle som Participanter at skyde Penge sammen, og de begyndte at drive samme Gang, og fant rig Kobbermalm der».<ref>Bakken, A.O. 1973:7. Jf. Sæter, I. 1908:17.</ref> Eit titals haugevener, nokre tilflytta frå [[Folldal|Folldalen]], [[Røros]], Tolga, [[Tynset]] og [[Dalsbygda]], gjekk saman om å drive gruva. Hytteskrivar Irgens skriv i ein rapport at «disse har allting fælles». I den same rapporten kan han berette at «for disse er en Pige fra Vingelen paa nogle og 30 Aars Alder, nemlig Sara Ingebretsdtr. (Nergaard), Priorinde, thi hun er meget øvet i offentlig Tale.»<ref>Bakken, A.O. 1973:18</ref>
Sara Oust vart leiar for det haugianske venesamfunnet i Vingelen og Nord-Østerdal.<ref>Haukland, L. 2017, side 6 not 16 og 17.</ref> Det galdt ikkje berre på det åndelege plan, men også på det verdslege. Røros koparverk hadde ei [[Vingelen kopargruve|gruve i Vingelen]], der malmen vart frakta til [[Tolga smeltehytte|smeltehytta på Tolga]]. Etter at gruva hadde lege brakk ei tid, overtok det haugianske venesamfunnet den i 1804. Hans Nielsen Hauge hadde oppfordra til dette da han på reisa si frå Trondheim gjennom Gudbrandsdalen hadde møtte nokre vener frå Vingelen som hadde fortalt om denne malmgangen. Hauge fortel sjølv at han «tilraadede nogle som Participanter at skyde Penge sammen, og de begyndte at drive samme Gang, og fant rig Kobbermalm der».<ref>Bakken, A.O. 1973:7. Jf. Sæter, I. 1908:17.</ref> Eit titals haugevener, nokre tilflytta frå [[Folldal|Folldalen]], [[Røros]], Tolga, [[Tynset]] og [[Dalsbygda]], gjekk saman om å drive gruva. Hytteskrivar Irgens skriv i ein rapport at «disse har allting fælles». I den same rapporten kan han berette at «for disse er en Pige fra Vingelen paa nogle og 30 Aars Alder, nemlig Sara Ingebretsdtr., Priorinde, thi hun er meget øvet i offentlig Tale.»<ref>Bakken, A.O. 1973:18</ref> Dette er Sara Oust.


Haugianarane måtte etter ei tid trekkje seg frå drifta, da dei ikkje fekk det løyvet dei måtte ha frå styresmaktene. Dei vart utløyste av [[Folldal Gruver|Folldal Verk]], som så dreiv gruva til 1818, moglegvis i forståing med haugevenene.<ref>Bakken, A.O. 1973:7.</ref> I alle høve overtok igjen Røros verk gruva i Vingelen i 1821, og verksemda der heldt på til 1835.
Haugianarane måtte etter ei tid trekkje seg frå drifta, da dei ikkje fekk det løyvet dei måtte ha frå styresmaktene. Dei vart utløyste av [[Folldal Gruver|Folldal Verk]], som så dreiv gruva til 1818, moglegvis i forståing med haugevenene.<ref>Bakken, A.O. 1973:7.</ref> I alle høve overtok igjen Røros verk gruva i Vingelen i 1821, og verksemda der heldt på til 1835.