Seletøy

Seletøy eller sele (Austlandet og Vestlandet); eller grei(e) (Nord-Østerdalen, Romsdal, Nordmøre, Trøndelag, Nord-Noreg og Jämtland/Herjedalen); er ulike namn på det utstyret ein set på hestar og andre trekkdyr slik at dei kan dra lass. Etter dyreslaget dei blir bruka for kan dei òg kallast hestesele, oksesele og så vidare. Seletøyet har to hovudfunksjonar: Det har eitt eller fleire festepunkt for pulk, støtting, slede, vogn eller reiskap; og det fordeler vekta, slik at belastninga blir lettare og sunnare for dyret.

Tegning av Harald Kompen, Etnedal kommune
Detalj av seletøy for okse frå Nordmøre.
Foto: Olve Utne

Sjå òg

Kjelder og litteratur