Seljord mållag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. mar. 2018 kl. 11:07 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Seljord mållag vart stifta 3. februar 1901. Laget skreiv seg frå byrjinga som Seljord maallag. Skipinga skjedde etter innbjoding frå Jakob Naadland og Aslak Groven. Laget er eit lokallag av Telemark mållag.

"Laget vil vera med i arbeidet for eit norsk landsens mål i Noreg, og særleg arbeide for at dei som hev det norskætta mål til morsmål må meir og meir lære å elske og vyrde det, og bruke det i skrift og tale til alt dei hev fyri seg", heitte det i § 1 i vedtektene. Den fyrste medlemslista hadde 78 namn - i fylgje Tov Flatin "av dei gildaste menn og kvinner i bygdi."[1] Naadland vart vald til den fyrste leiaren i laget. I det fyrste styret sat elles Aslak Groven, O. Skjerve, Anne Lid og Kr. Hansen.

Kjelder

  • Flatin, Tov, Seljord. 3, Seljord, 1954. Lenke til digital utgåve på bokhylla.

Referansar

  1. Flatin, 1954, s. 351.