Signe Kjetilsdotter Berge (1891–1969)

Sideversjon per 30. jun. 2021 kl. 09:22 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (kl-mal, format.)


Signe Kjetilsdotter Berge (fødd 1891, død 1969) var frå plassen Saga/Høgefoss under gnr.93/1 Foldsæ. Foreldra var Kjetil Olavson Ø. Grunnevik (1865-1925), gift 1886 med Ingebjørg Knutsdotter (1861-1946) frå Kvålo i Lårdal. Dei var innerstar på plassane Solli, Nordskog, Strånd, Berge og Søberg, alle i Hauggrend, og kom så til Saga. Denne plassen låg syd for tunet på Foldsæ og like ved ein foss i Bergesåa. Det var frå førstninga ein husmannsplass med namnet Høgefoss, det vart så bygd eit hus her som fekk namnet Saga og etter kvart vart dette namnet på heile plassen. I 1903 fekk Kjetil og Ingebjørg feste på plassen og i 1921 vart Høgefoss/Saga skyldsatt som Gnr.93/9 Årstad og Kjetil vart sjølveigar. Plassen Berge ligg ved Bergesåa nedstraums i høve til Saga, namnet Berge vart teke som familienamn. Med denne bakgrunnen er det lett å skjønne at ho vekslande vart nemnd som Signe Berge/Signe Saga/Signe Årstad. Signe var nr. 3 av 6 syskjen.

Signe og Foldsæ Fattiggard

I 1920 var Signe innepike på den kommunalt eigde Foldsæ Fattiggard/Gamleheim. Kommunen kjøpte Foldsæ av privat eigar og dreiv garden som fattigard/gamleheim i perioden 1897 til 1922. Bygningen øverst i tunet, til høgre på fotografiet til Bendik Taraldlien, er flytta hit frå det gamle tunet på garden. Bygningen til venstre med ark er nybygd og der var kjøkken og matstove etter som ein veit. Alle bygningane vart satt opp i perioden like etter overtakinga 1897.

Signe og Foldsæ Landbruksskule

Då landbrukskulen tok fatt vart det satt opp tre bygningar, ein for kvar av dei to grunnleggjarane og ein stor skule- og internatbygning, Dovrehalla kalla. I kjellarhøgda av denne var kjøkken med turvande andre rom, og matsal. Kjøkkenet var mot nord og matsalen mot syd. Signe var fyrst kjøkkenjente, vi ser henne på eit tidleg foto frå kjøkkenet i nybygget 1923/1924. Etter kvart tok ho over som husmor og hadde då dette viktige og krevjande arbeidsområdet til ho gjekk av med pensjon 15/12-1960. For denne imponerande innsatsen over lang tid fekk ho kongens fortenestemedalje i sølv sept. 1960. Elevar og lærarar hadde nok mykje sans for henne, elevane nemnde henne mykje som «Signe Maten». Stabburet/loftet frå det gamle tunet var flytta ned til ny stad og på taket av dette var eit lite klokketårn med ei solid gardsklokke, når det var tid for mat vart det ringa med denne slik at det ljoma sterkt utover heile grenda.

Signe og eigedomen Tveit

I 1938/1939 vart parsellen Gnr.93/14 Tveit skyldsett frå Foldsæ Skog og same året selde Fyresdal kommune til Ingebjørg Saga på vegne av dottera Signe Berge. Signe bygde seg hus her på Tveit og vart buande her, fyrst saman med mora. Plassen Saga vart innlemma i utmarksarealet til Foldsæ, planlagt fiskeoppdrettsanlegg.

Signe og kongens fortenestemedalje

Signe fekk som nemnt kongens fortenestemedalje i sylv sept.1960, ei enkel markering av dette vart gjort. Ved eit stort Foldsæ-stemne i august 1962 vart dette og markera, samtidig heidra ein skulestyraren Ragnvald Gravir som hadde fått kongens fortenestemedalje i gull.

Epilog

Signe er gravlagd på Veum kyrkjegard 18. april 1969, ved gravminneregistreringa 2009 var gravminnet tildekt av ein einerbusk.

Biletgalleri

Kjelder

  • Marvik, Steinar. Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Diverse lokale skriv