Signe Tveiten

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. okt. 2017 kl. 10:23 av Olav Momrak-Haugan (samtale | bidrag) (Ny side: '''Signe Tveiten''' (1906-1995) var født i Fyresdal. Foreldra var Olav Åsmundson Åmli (1872-1924) og Anne Tarjeisdotter Strånd (1882-1959). Som nygifte busette dei seg på Lyngstad...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Signe Tveiten (1906-1995) var født i Fyresdal. Foreldra var Olav Åsmundson Åmli (1872-1924) og Anne Tarjeisdotter Strånd (1882-1959). Som nygifte busette dei seg på Lyngstad i Folkestadbyen i Fyresdal, noko seinare flytta dei til Trudvang som og er i Folkestadbyen. Omkring 1914 kom dei til gnr. 95/5 Helland i Hauggrend. Dei fekk 9 born saman, av desse var Signe eldst, født 1906 på Trudvang. Ho vart i 1946 gift med Jon Olavson Austre Tveiten (1903-1979) og vart buande på gnr.94/1 Austre Tveiten livet ut. Helland og Tveiten er nabogardar i Hauggrend, bare Haugane er mellom. Signe har sers tydeleg markera seg som tradisjonsformidlar innan vev, både pedagogisk og praktisk. Ho gjekk på Statens kvinnelige industriskole i Oslo i 1920 åra og fekk arbeid og praksis i Husfliden.

Kurshaldar

Ein periode utvikla veving seg til ein heimeindustri i Fyresdal. Fleire skaffa seg brukbare tilleggsinntekter, i fyrste rekke ved sal av telemarksteppe. Signe Tveiten saman med Bondekvinnelaget i Fyresdal la grunnlaget for denne nye næringa. Signe hadde i ei årrekkje stått i brodden for kurs og i 1980 fekk ho 5000 kroner i fylkeskommunalt arbeidsstipend som påskjønning for arbeidet med å føre tradisjonen vidare. Stipendet var inga sovepute for Signe, vinteren 1980/1981 hadde seks kursdeltakarar fast tilhaldsstad heime hjå vev-læraren på Tveiten i Hauggrend. Sumaren 1981 vart det laga til ei kursutstilling på Veum grendehus. Telemarksteppe dominera, men der var og skilbragdteppe, krokbragdteppe, nordlandsteppe og golvteppe av ukarva spelsau-ull, ein originalitet som svært få då hadde sett før. Vevde gardiner, jakker og biletvev var der og. Same sumar køyrde Signe og Målrid Kiland i Bondekvinnelaget plantefargingskurs. Ho og svigerinna Dagne Tveiten samarbeidde mykje med bruk av fargar og farging av garn, Dagne arbeidde mykje med gamle tekstil på Norsk Folkemuseum og Signe ivrig som kurshaldar i farging i tillegg til veving, ho var sers flink med fargar.


Kyrkjekunst

Veum kyrkje I 1954 vart det teke initiativ til å dekorere Veum kyrkje og oppdraget vart gjeve til folkekultursamlaren og kunstnaren Kristian Kildal i Asker. Arbeidet tok til og vart fullførd i 1957. Om dette har Kildal sjølv gjeve ei grundig utgreiing som ein kan sjå i boka Kyrkjene i Fyresdal. Han skriv mellom anna: »Med disse tre grunnfarger, gult, rødt og blått samt hvitt er alle deler av kirkens utsmykking bygget opp.» Den mektige golvløparen som i grunnen pregar og samlar alt i romet, vart komponert av Kildal og Signe Tveiten tok på seg sjølve vevinga. Kva det måtte krevje av tid og innsats veit ein vel ikkje, men ho gav fleire gonger inntrykk av at det var meir krevjande enn ein kunne tenkje seg. Løparen er ein fryd å møte når ein kjem inn i kyrkja den dag i dag, det vil seie i 2017. Vi ser det raude og blå med kvitt og gult som islett, det heile held fram i det gule på kor-veggen og leier opp mot himlingen.

Moland kyrkje I 1983 var det bispevisitas i Fyresdal. I det høvet vart det av Fyresdal bygdekvinnelag gjeve ny altarduk og nytt antependium til alteret i Moland kyrkje som er frå Heggland gamle kyrkje. Antependiet vart vevd av Signe Tveiten, eit sers krevjande arbeid fortalde ho eit par gonger. Komposisjonen av fargar og sjølve teknikken er innfløkt, Signe var sers flink med fargar. Antependiet var på plass til ein seinare ville ha fram att sjølve alterskåpet utildekt slik det er i 2017.

Påskjøningar

Fyresdal kommune sin kulturpris i 1982 På folkefesten 17. mai i det nye samfunnshuset vart Signe tildela Fyresdal kommune sin kulturpris, ein fullsatt sal klappa varmt for veverska frå Tveiten. Kulturprisen var 5000 kroner og ein vakker diplom. Ho hadde til då satt mellom 100 og 200 elevar inn i veveteknikkens mysterium og interessa var berre veksande.

Utstillinga TELEMARKSTEPPE på Fyresdal samfunnshus 1990 Denne store utstillinga var open 8. – 29. juli 1990 kvardagar 11.00-17.00 og sundagar 12.00-18.00

Epilog

Signe og Jon Tveiten er gravlagde på Veum kyrkjegard

Kjelder og til utdjuping

  • Vest-Telemark Blad: Veving heimeindustri i Fyresdal. Blad nr. 65. 20. juni 1981
  • Vest-Telemark Blad: Fyresdal heidra Signe. Blad nr. 54. 19. mai 1982
  • Brosjyre til utstillinga i 1990: Sjå Telemarksteppe på sitt beste. Signe Tveiten.
  • Bispevisitas i Fyresdal 1983. Om alterduk og antemensale i Moland kyrkje. Kopi frå ikkje identifisert avis og når.
  • Kyrkjene i Fyresdal. Fyresdal Sokneråd 2013.
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge bind III. Fyresdal Kommune 1992.