Sjukehushagen i Volda

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. feb. 2018 kl. 20:42 av Grete Marry Brøste (samtale | bidrag) (Ny side: '''Sjukehushagen i Volda''' ligg sørvest for sjukehuset. Den kan sporast attende til 1964 da ideen om hagen kom opp. Initiativtakarane var Emmy Nes, leiar i Volda Hagelag og...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sjukehushagen i Volda ligg sørvest for sjukehuset. Den kan sporast attende til 1964 da ideen om hagen kom opp. Initiativtakarane var Emmy Nes, leiar i Volda Hagelag og overlege Einar Kavli Jørgensen som og var hageinteressert.

Sidan hagen i utgangspunktet var tenkt som ein demonstrasjons- og forsøkshage hadde den og namnet «Demonstrasjons- og forsøkshagen i Volda». I daglegtale vart og vert den nemnd som «Sjukehusparken» eller «Sjukehushagen».

Område på 2,7 dekar kor hagen ligg, låg brakk etter at det første sjukehuset vart bygd. «Villnisset» som det vert omtale som i heftet «Sjukehushagen i Volda gjennom 30 år», vart i 1964 stilt til disposisjon for Volda Hagelag. Gjennom området var det og ei lita elv.

Johannes Nes, mannen til Emmy Nes, laga den første grunnplanen til parken med vegar, dam og korleis ein elles skulle disponere hagen. Gravemaskin vart leigd inn og mykje jord (110 lass) måtte køyrast på. Mykje kratt måtte fjernast og store steinar flyttast. Dugnadstimane var ikkje få i denne perioden, medlemmer av hagelaget, men og av mange andre. Emmy Nes sto på seint og tidleg. Andre som er nemnde spesielt er Einar Kavli Jørgensen og kona hans Cora samt Fritjof Halkjelsvik. Det gjekk med om lag kr 150.000 i kontantutlegg. For å sette kostnaden i perspektiv kosta ein time med gravemaskin den gongen 6-7 kroner.

Emmy Nes og overlege Jørgensen laga kvar si planteliste ut frå boka «All verdens planter i Norsk jord» av Hiorth. Vidare utarbeidde dei ei felles liste på om lag 300 sortar. Sidan planen var å lage ein demonstrasjons- og forsøkshage med vekstar som ikkje var vanlege i klimaet her, måtte dei søke Landbruksdepartementet om importløyve. Dei utnemnde professor Oddvin Reisæter ved Institutt for hagebruk ved Norges Landbrukshøgskule. I januar i 1966 kom svaret. Reisæter meinte at nokre av vekstane neppe ville klare seg i Volda, men at han såg fram til at dei vart prøvd for å skaffe meir kunnskap. Samstundes tilbaud Reisæter 59 prøveplanter av 23 ulike slag frå Norges Landbruksskule.

Kilder

Amdam, Rolv og Frode Græsdal 1994: Sjukehushagen i Volda gjennom 30 år. Det Norske Hageselskap avd. Møre og Romsdal. Hiorth ___: All verdens planter i Norsk jord.