Skafså

Skafså er ei bygd sør i Tokke kommune i Telemark, med omkring 470 innbyggjarar (2011).

Skafså søndre (133/1).
Foto: Siri Johannessen (2017).

Skafså sokn med Skafså kyrkje dekkjer den sørlege delen av kommunen, og var tidlegare ein del av Tokke prestegjeld. Rett ved kyrkja ligg Skafså bygdetun med mellom anna Visliestoga. Omkring fire kilometer vest for kyrkja finn ein Grimdalstunet, der billedhoggaren Anne Grimdalen vaks opp. Der ligg no Skulpturhuset, med ei stor kunstsamling.

Stadnamnet er samansett av norrønt skaf, 'skav, bark til dyrefôr', siste ledd á, 'å, elv'. Bygda har fått namnet frå Skafsågardane, som ligg rett vest for kyrkja.

Eidsvollsmannen Talleiv Olsson Huvestad vart født på Storåsli i Skafså.

Kjelder

 
Sørtvveiten (134/1).
Foto: Siri Johannessen (2017).
 
Skafså nordre (133/21).
Foto: Siri Johannessen (2017).


Koordinater: 59.40847° N 8.01316° Ø