Skifjord skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. feb. 2016 kl. 12:42 av Sigrun Espe (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|Skifjord skule (2016).jpg|Skifjord skule|Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)}} Skulen på Bjørnestad i Skifjorden vart opna i 1955. I 1965 vart Borsholm krins og S...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Skifjord skule
Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Skulen på Bjørnestad i Skifjorden vart opna i 1955. I 1965 vart Borsholm krins og Skifjord krins slegne saman, med skulestad Skifjorden. Dette skulehuset fungerte som skule fram til 1993. Frå skuleåret 1993/94 vart Skifjord krins slegen saman med Øen krins, og elevane vart flytta over til Øen skule.

Grunnen der skulen står vart kjøpt allereie i 1947, men først i 1953 starta arbeidet med å bygge skulehuset.[1]

Andre bruksområde

I nokre år på 1990-talet dreiv Skifjord husmorlag privat barnehage i huset. Etter at Skifjord grendalag overtok huset, er det bygd eit tilbygg i aust, på 3,6m x 6,3m, som inneheld nytt kjøkken.[2]

Kjelder

  1. Heim og skule, Nr 1, April 1956
  2. Tidlegare Skifjord skule, Kulturminnesok.no

Koordinater: 61°14′30.7″ N 5°06′59.6″ Ø