Skulane i Ål

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. okt. 2015 kl. 12:37 av Ikabjorn (samtale | bidrag) (Ny side: =Almuge- og folkeskulen= Frå 1742 var det omgangsskule i Ål prestegjeld. Av 3 lærarar var den eine meint for Hol som fyrst vart utskilt frå Ål prestegjeld i 1877. Etter kvart var...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Almuge- og folkeskulen

Frå 1742 var det omgangsskule i Ål prestegjeld. Av 3 lærarar var den eine meint for Hol som fyrst vart utskilt frå Ål prestegjeld i 1877. Etter kvart vart det fleire til å undervise. Frå 1807 vart det 12 lærarar, av desse fekk Hol 4. Frå 1828 var inndelinga av skuledistrika slik at dei 3 fyrste distrikta låg i Hol. Det 4. skuledistriktet inkluderte delar av Hol og gjekk vidare inn i Ål til Tunehagen, det 5. distriktet: Tune til Sundre, 6. distriktet: Øvre Ål og Kvinnegardslie, 7. distriktet: Frå Vats og Leveld til Medgarden, 8. distriktet: Frå Gudbrandsgard til Sel, 9. distriktet: Frå Bergsgard til Torpodelet og litt av Oppheimsgrenda, 10. distriktet: Øvre og Nedre Torpo. I 1857 vart kvart distrikt delt inn i 3 rotar mot tidlegare 4. Ål var både namnet på prestegjeldet og namnet til eit av sokna.