Skulane i Ål

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Almuge- og folkeskulen

Frå 1742 var det omgangsskule i Ål prestegjeld. Av 3 lærarar var den eine meint for Hol som fyrst vart utskilt frå Ål prestegjeld i 1877. Etter kvart vart det fleire til å undervise. Frå 1807 vart det 12 lærarar, av desse fekk Hol 4. Frå 1828 var inndelinga av skuledistrika slik at dei 3 fyrste distrikta låg i Hol. Det 4. skuledistriktet inkluderte delar av Hol og gjekk vidare inn i Ål til Tunehagen, det 5. distriktet: Tune til Sundre, 6. distriktet: Øvre Ål og Kvinnegardslie, 7. distriktet: Frå Vats og Leveld til Medgarden, 8. distriktet: Frå Gudbrandsgard til Sel, 9. distriktet: Frå Bergsgard til Torpodelet og litt av Oppheimsgrenda, 10. distriktet: Øvre og Nedre Torpo. I 1857 vart kvart distrikt delt inn i 3 rotar mot tidlegare 4. Ål var både namnet på prestegjeldet og namnet til eit av sokna.

I 1859 var distrikta i Ål delte opp i 2 rotar. Omgangsskulen vart delt mellom 7 lærarar i Ål og 2 i Torpo.

  • 1.-4. distrikt låg i Hol.
  • 5. distrikt: 1: Reinton-Sandåker, 2: Sundbrei-Storeteig.
  • 6. distrikt: 1: Skottebøl-Bakketeigen, 2: Rimejordet-Leksvol.
  • 7. distrikt: 1: Varberg-Skalle, 2: Kolbjørnstølen-Myking.
  • 8. distrikt: 1: Berg-Kjellargard, (gardane nord for Berg låg til Hol), 2: Dokken-Oleivsgard.
  • 9. distrikt: 1: Lappegard-Løkensgard, 2: Springgarden-Bakke.
  • 10. distrikt: 1: Sundre-Ulshagen, 2: Skrindo-Halvorsgard.
  • 11. distrikt: 1: Gullhagen-Bæra, 2: Kvammen-Høgset.
  • 12. distrikt: Øvre Torpo.
  • 13.distrikt: Nedre Torpo.

(Dei to siste med to rotar kvar).