Skulane i Gol: Forskjell mellom sideversjoner

m
ingen redigeringsforklaring
mIngen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
=Almuge- og folkeskulen=
=Almuge- og folkeskulen=
Fram til 1897 var Hemsedal ein del av Gol kommune. Ved skulefundasen i 1742 vart det slege fast at ein trong fire ”skoleholdere” som skulle virka i kvar sitt sokn. I 1746 var det berre ein lærar i heile Gol. Ikkje før i 1757 kom skulen i gang med ein lærar for kvart sokn. Etter kvart vart det to lærarar i Gol sokn, men ikkje før i 1846 tre lærarar. Den fyrste faste skulen i Hallingdal vart starta på tingstova i Nes allereie i 1807. Gol sokn fekk ikkje fast skule før i 1870-åra. Men ein fast skule var i gang allereie frå 1854 i Gol prestegjeld då eit rom vart leigd hjå Klokkar Haavelsen på garden Røyse. Ved året etter var det 4 lærarar i prestegjeldet. Ein ved den faste skulen på Røysen og 3 omgangsskulelærarar.  

== Krinsinndeling ==
== Krinsinndeling ==
Linje 21: Linje 22:

Slutten på omgangsskulen gav nye vanskar for elevar i utkantane som i Brenngrenda, Sørbelgrenda og Grovgardane sidan det vart fast lang reiseveg. I 1877 vart det vedteke å skipe ein krins i Klanten og Brenn med fast skule i eit leigd rom hjå Tolleiv Brenn. I 1879 vart elevane frå åsbruka overførte til Åsgårdo, medan Sørbel vart lagt til Grønlio, men allereie 1880 såg ein at dette vart for langt å gå og skipa eien skule i Sørbel som varte til 1887 då elevane atter måtte til Grønlio.  

==Skulehusa==
==Skulehusa==
Linje 32: Linje 34:
* '''Grov''': Skulehuset bygd i 1913. Nokre år var dette separat skule i Granheim sidan vegen til Grønlio var lang.

* '''Åse''': Krins skipa i 1922. Nedlagt i 1930-åra.

=Andre historiske skular=
=Andre historiske skular=
* '''Framhaldsskule''': skipa rett etter krigen på Golreppen. Før dette framhaldsskule i Gol på Tingstova i 8 veker i 1896.  

* '''Kveldsskular''': 1875- vart det i periodar helde kveldsskulekurs.

Linje 40: Linje 42:
* '''Arbeidsskule''': Den Norske husflidsforening held kurs i ulike husflidsarbeid i bygdene, av desse vart det i 1903 og 1904 helde kurs i trearbeid i Gol. I 1907 vart det vedteke at det skulle skipast ein arbeidsskule for Hallingdal som veksla på å vera i dei fire bygdene. Frå 1921 vart skulen fast i Gol. Skulen vart drive med tilskot frå staten og kommunane. Etter at staten hadde redusert sine løyvingar i 1909, sa Flå, Gol og Hol opp avtala i 1911, og Nes frå 1931, men skulen vart ikkje nedlagd før i 1940.  

* '''Kvinneleg husflidsskule''': Frå 1956 var det kvinneleg husflidsskule i Gol i leigde lokale med opplæring i veving og sying.

=Skular i nyare tid=
=Skular i nyare tid=

==Grunnskular==
==Grunnskular==
* '''Gol skule''': Skulen er i dag den største barneskulen i Gol med ca. 300 elevar. Gol skule er bygd i 1960 og ligg ved riksveg. 50 mellom Hemsedalsvegen og elva Hemsil. Skulen er fulldelt. Elevane i 1. og 2. klasse går på avdelinga til skulen på Glitrehaug som ligg på nedsida av Hemsedalsvegen. Der ligg også SFO for Gol skule og Herad skule.

* '''Herad skule''': Barneskule er bygd i 1984 og er i dag ein underavdeling til Gol skule. Herad skule ligg ved riksveg 7 like sør for Gol sentrum.

* '''Gol ungdomsskule''': ungdomsskulen er bygd i 1967 og ligg i Gol sentrum i same bygningskomplekset som Gol samfunnshus og Gol vidaregåande skule. Skulen har tre klassar pr. klassetrinn frå 8. til 10. klasse, og har ca. 185 elevar.

==Andre utdanningsinstitusjonar==
==Andre utdanningsinstitusjonar==
* '''Læringssenteret Gol''' (interkommunal): Læringssenteret held kurs i norsk med samfunnskunnskap for framandspråklege på alle nivå for alle innvandrarar busett i kommunane Flå, Nes, Gol og Hemsedal; og for dei som bur i mottaka i Nes og Hemsedal. Dei har òg eksamensretta grunnskuleopplæring med karakterar for busette i alle kommunane i Hallingdal, opplæring i grunnleggande ferdigheiter og spesialundervisning.

* '''Gol vidaregåande skule''' (fylkeskommunal): Ligg på Gol i same kompleks som Gol ungdomsskule. Skulen har seks studieliner: Design og handverk, Idrettsfag, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama med programområdet drama, Restaurant- og matfag, og Studiespesialisering med programområda Realfag; og Språkfag, samfunnsfag og økonomi.

* '''Hallingdal folkehøgskule''' (Privat): Skulen tok over garden Skaga i 1958, som ligg i lia vestom Gol sentrum, og vart skipa i 1959. Folkehøgskulen er frilynt og er eigd av Hallingdal Høgskulelag.

=Kjelder=
=Kjelder=